midtsiden

Trolsk i steinbrotet

Laurdag blir det historisk filmframsyning av «Trolljegeren» i steinbrotet på Ulven».

Av: Andris Hamre Tirsdag, november 15, 2011 - 12:25

Gjengen bak filmfestivalen 60oN hadde lyst til å heidra osing og filmregissør André Øvredal etter at han vann publikumsprisen under Amandashowet i Haugesund tidlegare i vår med kinosuksessen «Trolljegeren».

- Ein slik prestasjon må heidrast, men vi ville gjera noko ekstra utav det og ikkje berre invitera til ei vanleg kinoframsyning, fortel programsjef Bjørn T. Bøe.

- Ideen om ein utandørs framsyning kom kjapt, men vi brukte litt tid på å koma fram til lokalisasjonen. Vi var innom både lyseklosterruinane og flystripa på Ulven før det pluseleg slo oss at steinbrotet ved Ådnadalen var den perfekte staden, supplerer PR-sjef Christoffer Kobbeltvedt.

Dei driftige filmgutane tok kontakt med Os knuseverk for å høyra om ideen let seg realisera.

- Dei tente på ideen og har stilt velvillig opp, nett som næringslivet i Os har gjort, for å kunna få dette stuntet til å skje.

Budsjettet for framsyninga vil ikkje gutane røpa, men det skal etter det Midtsiden har fått hint om vera sekssifra.

Bussar frå sentrum

Filmen startar klokka 19.00 laurdag, men arrangørane håper folk er tidleg ute og opnar dørane allereie 18.30.

- Vi har satt opp to gratisbussar frå bussterminalen på Osøyro. Desse går klokka 18.00.

- Om interessa er stor vil dei kjøre fleire turar.

I tillegg har dei fått låne parkeringa ved Rolls Royce på Ulvensletta.

- Der vil vi ha vaktar som hjelper til med å visa veg og hjelpe til med det som trengs.

- Vi håpar mange kjem halv sju og at vi kan gå saman inn i steinbrotet. Hugs at dette trass alt er ein industriarbeidsplass, så vi ber folk halda seg på dei oppmerka vegane og følgja anvisningane frå vaktane, seier Kobbeltvedt.

Før filmen byrjar vil regissør André Øvredal, som er til stades, bli gjort ære på. Korleis og på kva måte vil dei to entusiastane ikkje røpa enno.

- Klé dykk etter vêret

Førebels er vêrutsiktane for laurdag ikkje dei beste, men det skal letta litt i regnet utover dagen (0,9 mm mellom kl 19 og 01).

- Med gode klede blir det garantert ei fantastisk oppleving, smiler Kobbeltvedt, som ikkje let seg skremma av litt regn.

Paraplyar vil det ikkje vera lov til å ha med seg av omsyn til dei andre filmgjengarane.

- Det er lagt opp til ei ståande framsyning, men om det er folk som vil ta med seg ein stol å sitta på er dei hjartleg velkommen til å gjera det, seier programsjefen.

Arrangørane vil sørgja for at folk held varmen ved å servera kaffi til gjestane.

Trolla søv

«Trolljegeren» handler om filmstudentene som får i skoleoppgåve å laga ein dokumentar om ein lokal personlegheit. Dei vel ein å fokusera på ein folkesky mann som kjem til bygda med jamne mellomrom. Det visar seg at Hans (spelt av Otto Jespersen) er tilsett av staten for å jakta og halda kontroll på trolla.

- Frå informerte kilder har vi høyrd at det skal vera eit par troll som ligg å søv her i bygda òg, avsluttar Kobbeltvedt med skrekkblanda fryd.

Tips midtsiden.no

Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11