
Vestlandslefsa i produksjon på Bø. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Trønderane slår tilbake
Før helga fortalte Midtsiden at produksjonen av Vestlandslefsa blir flytta til Lierne Bakeri i Trøndelag etter 31. mai.
Spesiell bakemetode i skreddarsydd produksjonslinje gjer at fleire ved Toro Os, lefsebakeriet på Bø, tviler på at Lierne klarar å kopiera den populære lefsa.
Men i Adresseavisa slår Lierne-folka tilbake:
- Vi er audmjuke i forhold til den jobben som har blitt gjort i Os, og at Rieber no har valt oss til å produsera vidare. Men vi veit at vi er i stand til å laga Vestlandslefsa med same kvalitet. Det er gjort ein god jobb på Os, men vi kan produsere den like bra, seier Lierne-gründar Helge Inderdal til adressa.no.
- Vi har Noregs, og kanskje verdens, beste lefsekompetanse i Lierne. Viss vi mislykkast med Vestlandslefsa er det første gong på 20 år at vi mislykkast med eit sånt prosjekt, legg han til.
Kommentarer
Tips midtsiden.no
Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11
© 2012 midtsiden.no