Annonse

Annonse

midtsiden

Trong skulestart

Elevane i Øyane starta skuleåret med svært redusert boltreplass. Foreldra er kritiske, entreprenøren seier dei er i rute.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy Fredag, august 27, 2010 - 14:51

Skulevegen har blitt sikrare med nytt fortau på Sundøybrua og i helga får Søre Øyane kunstgras på fotballbanen. Men rett utanfor klasseromma er det framleis ein byggeplass.

- Eg er ikkje nøgd med at ungane berre har ein liten flekk på baksida av skulen å boltra seg på i friminutta, seier Odd Roger Aasen, far til ein av dei 18 førsteklassingane ved skulen.

Han fortel at fleire av foreldra reagerte då dei følgte 5- og 6-åringane til sin første skuledag, med byggearbeid heilt inntil skuleveggen.

- Skuleplassen blir flott når den er ferdig, men anleggsarbeidet med drenering oppe ved skulen burde entreprenøren kome i mål med i løpet av ferien, meiner han.

Starta seint
Det er Øksnes Maskin som har anleggsarbeidet både på banen, den nye leikeplassen og området oppe ved skulen.

- Vi valte å venta med å starta arbeidet nærmast skulen sånn at elevane kunne bruka dette fram til skuleferien, seier prosjektleiar Helge Langeland.

Det såg ei stund ut som om vi likevel kunne klara å koma i mål før skulestart, men ei par ting som dukka opp undervegs, blant anna meir fjell i grøftene enn venta, gjorde at vi trengte meir tid.

(Nesten) ferdig om to veker
I sommar har det vore fleire veker utan jobbing på skuleplassen. På spørsmål om ikkje dei burde ha gjort ein innsats i ferien svarar Langeland at dei framleis nokonlunde i rute i forhold til kontrakten.

- Vi skal vera ferdig med grovarbeidet til torsdag 9. september. Nokre dagar etter dette blir det asfaltering og truleg går det ikkje mange dagane etter 9. september før også leikeplassen er klar til bruk.

Arbeidet med drenering, fotballbane og leikeplass går parallelt, men no før PST Sport skal koma og legga kunstgras har banen blitt prioritert.

- Når det gjeld leikeplassen ventar vi på prosjektteikningar så vi får veta kvar fundamenta skal stå. Når vi får desse og banen no nærmar seg ferdig kan vi trappa opp aktiviteten i dei andre områda.

- Har gått fint
Rektor Elin Skaathun seier ho var spent før ho i førre veke tok imot elevane etter sommaren.

- Uteområdet er veldig redusert og vi har berre éin inngang til skulen. Dei som skal i gymsalen kjem ikkje til frå utsida, men må gå gjennom skulen og ut på plassen bak skulen, fortel ho.

- Men elevane og lærarane har vore flinke, dei ser ut til å ha det bra på den plassen vi har og byter på å bruka ballbingen.

Skaathun seier ho også føler at skuleplassen er trygg. Øksnes Maskin har sikra godt, i tillegg følgjer dei vaksne godt med.

- No ser vi fram til at det fine anlegget skal stå ferdig, vi gler oss både store og små!

Tips midtsiden.no

Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11

 
Hjem

Ansvarlig redaktør: Kjetil Vasby Bruarøy.
I redaksjonen: Andris Hamre.
TIPS OSS PÅ MOBIL/SMS/MMS:
+ 47 90 78 92 70
+ 47 47 90 61 11