Lokal | 22. okt. 2011

Trudde det var ei trampoline

Eit større rørsystem blei funnen på rek på fjorden i dag. Er det ditt?

Trudde det var ei trampoline
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 22. okt. 2011 10:52

Klokka 10.20 laurdag blei Midtsiden tipsa om at noko som likna ei trampoline låg på rek utanfor Solstrand.

– Den har sikkert blåse på sjøen i natt. Sånn den ligg no kan den vera til fare for båtar, så den bør slepast til land, meinte tipsaren.

Så kom ein båt forbi og tok drivgodset med seg. Då den 7 meter lange Askeladden kom inntil drivgodset var det tydeleg at dette var større enn dei 4-5 meter store trampolinene folk har i hagane.

Dei fleste av desse er dessutan i metall og ville nok tatt turen til botnen rimeleg raskt.

Fortøydd ved Mobergsneset

– Det er sikkert nokon som saknar dette, seier Tom Ole Drange, som var og drog teiner med faren Rolf då han oppdaga rørsystemet.

Plastrøra, som ser ut som eit opplegg for tak over opddrettsmerd for yngel, ligg no fortøydd til bølgjebrytaren på nyemoloen på Mobergsneset.

Kjenner du eigaren?

Ta gjerne kontakt med Midtsiden for å fortelja kvar dette kom frå.

Tips Midtsiden på 90789270

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.