Lokal | 21. okt. 2016

Trudde han var med i James Bond-film

Både mannen som knivstakk ei kvinne på Søfteland i fjor, og kvinna, har forklart seg i retten.

Trudde han var med i James Bond-film
Tiltalte blei pågripen utan dramatikk. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 21. okt. 2016 08:03

Onsdag 16. desember 2015 rykte politiet ut på melding om knivstikking ved GC Rieber Compact på Søfteland.

Ei kvinne som var livstrugande skadd blei frakta rett til sjukehus, mistenkte blei sikta for drapsforsøk og innlagt på Sandviken sykehus.

Kan bli dømt til tvungen psykisk helsevern

Onsdag starta rettssaken mot 29-åringen. Han har innrømt at han stakk kvinna fire gongar med kniv, men nektar straffeskyld.

Dei sakkyndige meiner mannen var psykotisk, dermed kan han ikkje dømmast til fengsel. Aktor ønskjer å få mannen dømt til tvungen psykisk helsevern.

– Som å bli slått i ryggen

Kvinna fekk eitt stikk i brystet, to i ryggen og eitt i skuldera. I tillegg hadde ho over 15 sårskadar i ansiktet og andre stadar på kroppen.

– Eg bøyde med ned for å opna ei eske då eg kjente eit knyttneveslag i ryggen, har kvinna forklart i retten, ifølgje BT.no.

«Knyttneveslaget» var det første knivstikket. Kvinna tenkte at ho måtte få tak i kniven, noko ho gjorde.

Kollegaen som kom først til staden såg at kvinna heldt kniven. Han skubba sikta vekk.

Han var roleg og gjorde ikkje motstand, men skal ha sagt at han prøvde å drepa kvinna, at han stakk etter hjartet og at «ho hadde prøvd å forgifta ungane hans».

Stressa av terror og actionfilm

I går refererte Bergens Tidende frå andre dag i retten, der tiltalte forklarte seg.

Han fortalte at var oppslukt av nyhetsbildet, at saker om krig og terror gjorde han stressa, han følte at han blei overvaka. Han var på kino med sambuaren og såg James Bond, og då følte han at filmen var virkelighet, at han var del av filmen, og at nokon var etter han.

Han seier òg at han var overbevist om at arbeidsplassen Compact var del av ein hemmeleg organisasjon.

Tiltalte synest sjølv det er heilt vanvittig korleis han tenkte i den aktuelle perioden i fjor. Han seier kvinna var eit tilfeldig offer, han beklager sterkt og han er einig i at kvinna har krav om erstatning.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.