Ordførar Marie Bruarøy og varaordførar Laila Marie Reiertsen er to av dei som har fått trugslar retta mot seg (arkivfoto: Andris Hamre)

Trugslane hagla mens lensmannen høyrde på

Mens ordføraren og varaordføraren sat på lensmannskontoret kom nye trugslar på telefon, denne gong med politiet som vitne.

Av: Andris Hamre

Ordførar Marie Bruarøy og varaordførar Laila Marie Reiertsen var i dag i møte med fungerande lensmann Audun Hadler-Olsen for å høyre korleis dei skal gå fram for å  anmelda dei mange trugslane og trakasserande meldingane dei og fleire tilsette i administrasjonen har mottatt i samband med saka om den avliva svana «Hamnesjefen».

Les òg: 

Vurderer å gå til politiet
– Heilt uakseptabelt

– Vi vil melda alle sakene og fekk ei orientering av lensmannen på korleis vi skal gå fram for å gjera dette rett. Vi har ikkje formelt anmeldt dei enno, men vil gjera dette på ein ryddig og skikkeleg måte i tida som kjem, fortel Reiertsen.

Fekk trugsel på telefon

Medan dei sat i samtale med lensmannen fekk Reiertsen ei oppringing på telefonen.

– Eg kjende att nummeret frå ei samtale landbrukssjefen hadde i går og fann ut at eg skulle ta den på høgtalar, når eg hadde to vitner til stades.

– Eg kom ikkje ein gong til ordet, kvinna som ringte, snakka i veg og kom med fleire trugslar medan dei to andre satt sjokkert å høyrde på.

Truga i fleire kanalar

Også i ulike kommentarfelt, slik som vist i bilete på denne saka, på meldingar, messenger og via kommunen sitt offisielle postmottak har trugslar hagla mot dei folkevalde og tilsette i kommunen.

– Det har kome frå fleire personar og mot fleire personar i både politisk og administrativ leiing. Faktisk er det også kome generelle trugslar mot adminstrasjonen i Os kommune. 

– Dette er rett og slett ikkje kjekt, og det skal vera ein 0-toleranse for slike ytringar. Difor vil vi slå hardt ned på det ved å anmelda det. Vi har eit ansvar også for våre tilsette.

– Det er greitt at folk er ueinige og ønskjer å formidle eit bodskap, men det må dei gjera på ein skapleg og ryddig måte, avsluttar Reiertsen.

Fleire saker

bilde-midtsiden

Auka folkevekst i Os

21. august 2017

I Bergen kommune vaks innbyggartalet med 28 i 2. kvartal. Os kommune auka med 173.

bilde-midtsiden

Starta hausten med 13-1-siger

21. august 2017

5. og 7. div. er i gang igjen: Os 3 speler toppkamp i 6. div. kveld, i går skåra Aleksander Havsgård 7 mål for Nore Neset 2.