Trenarteamet Gitte Torp og Trond Førde Eriksen trur Os vil klara seg betrheime mot Gneist i morgon enn kva dei viste borte mot Bjørnar i går. (Arkivfoto: KVB)

– Trur ikkje vi speler sånn i morgon

Os leia til pause, men skåra berre seks mål i andre omgang. I morgon tar dei imot sterkare motstand i Oshallen.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Os-damene har vunne og tapt annakvar kamp til no denne sesongen.

I går spelte dei borte mot Bjørnar, og låg an til å bryta trenden og ta to sigrar på rad.

– For å vera heilt ærleg, eg veit ikkje, svarer trenar Trond Førde Eriksen på spørsmål om kva som gjekk gale.

Os leia 12-15, men tapte 21-33.

Os skåra berre 6 mål etter pause, vertane Bjørnar putta tre gongar så mange. Thiet Dang blei Os sin toppskårar med 6 mål (3 spelemål og 3 frå 7-meteren).

Mista fokus allereie i garderoben

– Det var som om eg merka det i pausen, det var litt tull og tøys, det virka som om dei mista fokus og trudde at dette skulle gå greit.

– I staden kom vi utpå med lågt tempo og dårleg konsentrasjon. Det blei mange dårlege skot og tekniske feil, og vi blei rett og slett kontra i senk.

Får tøffare motstand i morgon

Tysdag kveld (kl 19.15), før Noreg speler mot Polen i VM (kl 20.30), varmar Os opp med heimekamp mot Gneist.

Gneist står med 6 sigrar, 1 uavgjort og 1 tap før dei kjem til Oshallen. Vertane har 3 sigrar og 5 tap.

Førde Eriksen trur likevel Os skal klara seg betre enn søndag.

– Bjørnar er eit godt lag, men hadde fire gode spelarar ute med skade, og er eit lag vi skulle hatt bak oss på tabellen. Det var ein viktigare kamp enn den i morgon.

– Likevel har vi vist at vi både kan slå kven som helst og tapa for kven som helst i denne avdelinga - og er trur Os vil stå betre til Gneist enn kva dei klarte i går.

TABELL OG TERMINLISTE (handball.no)