Næringsliv | 01. mars 2017

Trur på eit rekordår

Bomobil AS ser lyst på 2017 sesongen etter fleire tunge år. Har seld 30 av 100 bilar og campingvogner allereie i år.

Trur på eit rekordår
Andre Olsen, Linn Sandvik, Eirik Wasmuth og Tor Egil Myksvoll i Bomobil ser fram til ein hektisk sesong (foto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 01. mars 2017 13:45

Bildeserie:

Nær 100 2017-modeller står klar på tunet
Nær 100 2017-modeller står klar på tunet
1 av 1
Nær 100 2017-modeller står klar på tunet

Tor Egil Myksvoll starta i mai 2011 Bomobil AS med kun fire bubilar på tunet og berre seg sjølv som tilsett.

– Det gjekk gradvis oppover, med mykje feiling og prøving.

– Vi kom inn i ei tung periode på hausten i 2015, men etter ei omorganisering, kor vi fekk rydda opp i ein del ting som heldt igjen veksten. I 2016 klarte vi å koma på rett kjøl, no ser eg veldig lyst på 2017, fortel Myksvoll.

Fekk ein ny giv

Gjennom omorganiseringa fekk bedrifta sett lys på kva som måtte til for å få fart i salet igjen.

– I mai 2016 fekk eg inn Eirik Wasmuth som seljar. Han har ei enorm drivkraft og har vore med på å løfta verksemda. I tillegg hadde eg allereie Andre Olsen på verkstaden, som er utruleg flink.

– Relativt nyleg har eg òg fått inn Linn Sandvik til å ta seg av klargjering, marknadsføring, bestilling av delar for kundane og andre backoffice-oppgåver, slik at Eirik og eg kan konsentrera oss om dei andre tinga.

– No gler vi oss til å invitera til KABE-helg 11. og 12. mars kor vi får presentert årets nyhende saman med grilling, hoppeslott og ei rekkje andre familieaktivitar, fortel Myksvoll.

Fekk to nye agentur

Bomobil AS fekk i overgangen 2015/16 agenturet for Adria -bilar og -vogner i Hordaland og blei forhandlar for KABE i løpet av 2016.

– Adria er eit kjend merke, bygd i Slovenia, deleigd av svenskar, og er Europas mest selte merke.

– KABE har vore bygd i Sverige i 60 år, og er tilpassa for nordisk klima.

– Eg trur vi går vårt beste år i møte. Vi bestilte nesten 100 nye biler og vogner til 2017 sesongen og har allereie skrive kontrakt på 30 av dei.

Endra ferievanar

Myksvoll fortel at det har vore ei veldig auke i interessa for caravan sidan han starta opp i 2011.

– Eg trur Ola Nordmann har endra på reisemåten sin og vil reisa meir i Noreg, Sverige og Danmark enn tidlegare. Mykje på bakgrunn av det som skjer ellers i Europa.

– Dessuten er det ei ny type menneske som går ut i pensjon no. Dei har ein mykje yngre veremåte og er glad i å reisa, både aleine og saman med venner. Mange møtast i helgane for å ha det sosialt.

– Når du sjølv skal på feire, er det bubil eller får du nok gjennom jobben?

– Eg kan ikkje tenka meg noko anna enn å reise i bubil. Sist sommar var eg fire veker på hjul med familien og det er ei fantastisk friheitsoppleving. Eg skal vera så ærleg å seie at det var ikkje mykje fristande å vende hjula heimover då ferien var slutt, avslutter Myksvoll med eit smil.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.