Sport | 16. juli 2014

Trur på gode tider

Ariel Braathen, Sebastian Braathen og Tom Andree Moberg Johansen debuterer i langbane-NM. Trenaren har tru på gode prestasjonar.

Trur på gode tider
Ariel Braathen er rangert som nummer 4 i Noreg på 100 m bryst og debuterar i langbane-NM i helga (privat foto)
Andris Hamreonsdag 16. juli 2014 11:08

Dei tre symjetalenta som starta karriera si i Osbadet og Os Svømmeklubb deltar frå torsdag til sundag i langbane-NM i Drammensbadet.

Søskenparet Ariel og Sebastian Braathen gjekk i august i fjor frå Os til Bergen Svømme Club (BSC), medan Tom Andree Moberg Johansen tok steget til Bergenssvømmerne/Delfana. Båe klubbene har førebudd seg til årets store nasjonale meisterskap i utlandet.

– Vi har lagt to veker i franske Canet, heilt på grensa til Spania, fortel Flemming Skov Jenssen, trenar i BSC.

Gode treninger og fri frå skade

Ariel Braathen er den av dei tre talenta som per dags dato har komt høgst på listene. Per no er ho rangert som den 4. beste svømmaren på 100 meter bryst.

– Ariel har utvikla seg bra etter at ho kom til oss i august i fjor.

– I Frankrike no har ho gjort kjempegode treninger og ikkje minst helde seg frisk og skadefri.

– Dette var den første sommarleieren ho har vore med oss på, så eg var litt spent på korleis ho ville ta hardkøyret, men det har ikkje vore noko problem, seier Skov Jenssen om treningane som enkelte dagar har vore på fem og ein halv time fordelt på fire økter. To basistreningar morgon og kveld og to svømmeøkter i løpet av dagen.

Tek ting fort

Trenaren skryt av ungjenta som ein målbevisst og treningsvillig utøvar.

– Ho tenk ting fort.

– I tillegg er ho koordinativ veldig god, noko som gjer at ho har ein god teknikk.

– Når det kjem til NM, så er det første gong ho deltar i langbane-NM.

– Det blir ei ny oppleving for ho, men eg har gode forhåpningar på at ho skal gjere gode tider.

– Ho viste med 1,09,86 i Bergen Swimfestival i vår at ho har det inne på 100 meter bryst.

Litt same type

Bror Sebastian vurderar trenaren som ganske lik søstra.

– Han er mykje av den same typen som Ariel når det kjem til teknikk og dei koordinative eigenskapene.

– Han har òg hatt ei fin utvikling etter at han kom til oss, men har som gutar flest, utvikla seg litt seinare enn søstra.

– Sjølv om han ikkje er på same nivå som Ariel no, så er eg trygg på at vi ikkje har sett det siste av han, skryt Skov Jenssen.

I godt slag

Sistemann i Os-trekløveret, Tom Andree Moberg Johansen, har lagt tre veker i Nørresundby, rett utanfor Aalborg i Danmark, saman med Bergenssvømmerne/Delfana.

– Dei kom til Drammen i går, og gjer dei siste førebuingane til meisterskapet der.

– Rapportane eg har fått er at han har hatt gode treningar og føler kroppen er i godt slag, fortel far Håkon Andree Egeberg Johansen, som har hendene fulle med førebuingane for å opna ADO Arena i haust.

– Eg skal faktisk få med meg dei tre osingane i Drammen. Vi skal arrangere NM til neste år i Bergen og skal bort der for å sjå og læra.

– Det skal bli spennande, både å sjå arrangementet, men ikkje minst korleis våre tre osingar gjer det, smiler Egeberg Johansen.

Kan få delta både i junior og senior

Meisterskapet er både junior-NM og NM for seniorar. Gjer dei det bra i junior-finalane kan dei kvalifisera seg også til finalen i senior-klassa.

– Meisterskapet er slik at ein startar på formiddagen med junior-finalar, kor utøvarane er kvalifiserte på tid.

– Samstundes svømmer seniorane sine innleiande heat.

– Dei åtte beste tidane går til senior-finalen på kvelden, uavhengig av om dei er juniorar eller seniorar.

– Dermed kan juniorane få senior-finale om dei gjer det godt på formiddagen, forklarar Flemming Skov Jenssen.

Ariel Braathen skal delta i fem distansar, 100 m bryst, 50 m fri, 50 m bryst, 200 m bryst, 50 m butterfly. Sebastian Braathen svømmer 50 og 100 m bryst, medan Tom Andree Moberg Johansen satsar meir på sprint og deltek i 50 m bryst og 50 m fri. I tillegg det vera at dei deltek for klubbane sine på stafettar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.