Sport | 18. feb. 2018

Trygt vidare til semien

Lagtempolaget med Sverre Lunde Pedersen og Sindre Henriksen greit vidare til semifinalen i OL.

Trygt vidare til semien
Sverre Lunde Pedersen, Simen Spieler Nilsen og Sindre Henriksen er klare for semifinalen i lagtempo under OL (skjermskot frå Eurosport)
Andris Hamresøndag 18. feb. 2018 11:34

Søndag gjekk kvartfinalene på Lagtempo skøyter i Gangneung-ovalen i Korea. To av dei tre norske løparane har røter i Os. Sverre Lunde Pedersen og Sindre Henriksen gjekk saman med Simen Spieler Nilsen.

I første par møtte Noreg New Zealand til duell. Sverre tok føringa på det norske laget og dro gutane godt i gang. Dei var aldri truga av newzealenderane. Dei norske gutane gjekk høge 26-runder fram til dei to siste rundene, kor rundetida spratt opp på 27-talet.

Spennande semi

Sindre Henriksen fekk det litt tyngre på slutten og blei hengande eit par meter bak dei to andre. Noreg blei klokka inn på 3.40.09. Det skulle vise seg å helde til tredjeplass i kvartfinalen bak Sør-Korea (3.39.29) og Nederland (3.40.03). New Zealand var dei siste som gjekk vidare til semifinalen med tida 3.41.18.

Det gjer at Sør-Korea møter New Zealand i den eine semifinalen, medan Noreg møter Nederland. Berre seks hundredel skilte dei to laga i kvartfinalen, så det ligg an til å kunne bli ein særs spennande semifinale.

Vinnaren av kvar sin semifinale møtast til gullkamp. Semifinalene og finalen går onsdag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.