Lokal | 24. juni 2017

– To tunge veker som mistenkt

Onsdag fekk han førarkortet tilbake. Mistanken om rus har sett sine spor hus den unge bilføraren.

– To tunge veker som mistenkt
Bilførar ønskjer ikkje å ha namnet sitt i avisa, men viser delar av bilen. – Dei som veit kven eg er godt kan få veta at eg var uskyldig. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 24. juni 2017 09:22

Natt til søndag 5. juni blei ein 18 år gamal gut stoppa av politiet, mistenkt for køyring i rus. Promilletest gav ikkje utslag, men det blei tatt beslag i førarkortet hans mens politiet venta på resultat av blodprøve. Dei mistenkte at den unge sjåføren var rusa på andre stoff.

– Eg forstår at dei stoppa meg. Eg hadde stått på Esso med parkeringslysa på, og gløymde å ta på hovudlysa då eg køyrde frå staden. I rundkøyringa møtte eg politiet, og då skjønte eg at dei ville stoppa meg, fortel bilførar, som synest mistanken har vore tung å ha over seg.

– Folk eg kjenner køyrde forbi. Dei filma og sendte snapchat. Den same kvelden var det nok 20-30 personar som visste at eg var mistenkt for køyring i rus, i løpet av eit par dagar trur eg alle eg kjenner på min eigen alder visste om dette. Det kjennest som om fleire har snudd ryggen til meg. Det har gått ut over venskap og det har skadd omdømmet mitt.

Tok nokre slurkar av ei øl

Bilføraren, som fekk lappen i år, køyrde på venar den aktuelle laurdagskvelden.

– På festen var det ein som overtalte meg til å parkera bilen og bli med. Eg fekk skaffa noko drikke og tok eit par slurkar av ei flaske øl. Men eg er ikkje så glad i øl, og så var det nokon som stakk av med dei andre drikkevarene eg hadde fått tak i, så eg bestemte meg for heller å vera køyrbar.

Enkelte på festen reagerte då han ville køyra, men han forklarte at han ikkje hadde drukke meir enn desse slurkane, og tok turen til Os for å køyra nokre venar heim.

Promilletesten politiet tok gav ikkje utslag. Bilførar har ikkje mistanke om at nokon frå festen ringte politiet, men seier det i så fall ikkje er noko han bryr seg om. Han har sjølv tipsa politiet om ein rusa bilførar ein gong, og vedkomande blei dømt.

– Kvifor trur du politiet mistenkte deg for å vera rusa?

– Eg veit ikkje, eg driv ikkje og rusar meg. Dei snakka om at pupillane mine var store. Det vil eg tru er vanleg når det er natt og mørkt ute. Og så kommenterte dei at eg skalv. Eg sto i regnvêr, i berre tksjorte, og det var under 10 gradar ute.

Ber politi og media vera meir varsame

Først opplevde han å bli mistenkt, og fekk førarkortet beslaglagt. Så gjekk informasjonen rundt i sosiale media, og i lokalavisene.

– Det blei jo slått stort opp, og det verkar som om dei fleste tenkjer at ein som er mistenkt også er skyldig.

– Eg skulle ønskja at politiet fekk stadfesta at bilførar er rusfri før dei uttaler seg, og fram til dei eventuelt får same apparat som UP, så bør media vera varsame med korleis dei ordlegg seg.

– For min del, der mange i omgangskrinsen ser ut til å tru at eg var rusa bak rattet mens eg var sjåfør for andre, og i tillegg står i fare for å mista jobben eg har hatt nokre månadar, har dette vore ei tung tid.

Politiet ønskjer ikkje å kommentera enkeltsaker, om bakgrunn for mistanke om rus, men sa i samband med ei liknande sak for to veker sidan at testane dei bruker er utvikla gjennom politihøgskulen sine system, og er godkjente av justisdepartementet for bruk i teneste.

Køyring i rus er eit stort og veksande problem i Os. Frå 2013 til 2015 auka talet på saker frå 24 til 50 tilfelle, å få rusa bilistar vekk frå vegane har høg prioritet hos politiet.

«Narkometer», som apparata blir kalla, er i utprøving hos UP. Så vil tida visa om dette blir eit godt verktøy for alle delar av politiet, til å indikera både skyld og uskyld.

På landsbasis er køyring i rus årsaka til 1 av 4 drepte i trafikken, ifølgje NRK.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.