Sport | 25. juni 2016

Turboklubben opna verdas største leikeland!

Video: Den aktive Turboklubben i Lysefjorden var sist helg på overnattingstur til Raudlivatnet på Søfteland.

Turboklubben opna verdas største leikeland!
Andre Marton Pedersen og ungane i Turboklubben opna verdas største leikeland då dei var i Raudlio førre helg (foto: Fredrik Smith Fotland)
lørdag 25. juni 2016 07:15

Av: Fredrik Smith Fotland

Turen krona eit godt førstehalvår for klubben som er for dei mellom 5 og 10 år.

- Det handlar om å vera ute og ta i bruk naturen på ein kjekk og lærerik måte, seier initiativtakar André Marton Pedersen. Ein treng ikkje vera hardbarka fjellfant for å ha nytte av livet utandørs, heller ikkje treng ein å gå i timesvis for å få fine turopplevingar.

Naturen har me praktisk tala rett utanfor stovedøra, og ein kan i starten gå laus på det DNT kallar Mikroekspedisjon. Det fins mange flotte opplevingar i nærområdet.

På teltturen til Turboklubben var nærare seksti personar med, og ikkje eit einaste av borna kom og sa at dei kjeda seg.

Det største leikelandet

Turboklubben fekk æra av å tjuvstarte opninga av prosjektet kalla “Verdens største lekeland”. Dette er sett i gang av DNT, og har for Hordaland sin del offisell opning laurdag 25. juni, med ei stor markering på Arboretet på Milde.

- Me skulle lage ein reklamefilm for dette prosjektet. Me fekk med oss fotograf, samla ungar og foreldre som var med på overnattingsturen, og førlanserte opninga av dette gedigne leikelandet som naturen er.

Snorkuttar var Sofia Kalstø. Opningsseremonien var leia av André sjølv, som etter ein kort tale sende borna avgarde for å leike.

- Borna ser ting me ikkje ser, seier han. Ei rot blir kjapt til eit troll, ei rotvelt blir ei flott bru inn i ei anna verd. Der me vaksne ser eit tre, ser dei små eit stort klatrestativ. Det er heilt fantastisk!

Familieår

2016 er DNT sitt familieår, og det er eit mål å få mange fleire ut for å nytte fasilitetane som er heilt gratis tilgjengelig.

- Ligg på magen og drikk vatn rett frå bekken, bruk tid på å utforske eit lite skogholt, hopp frå stein til stein på stien og konkurrer om å ikkje tråkka på bakken, seier Sigrid Kvåle Myksvoll, som er barne- og ungdomsansvarlig i Bergen og Hordaland Turlag.

Streik?

Kva gjer me så for å unngå sure miner, hoftefeste og hælar som er godt planta i stien?

- Syt for å planlegg turen i lag, seier André. Ungane må ikkje ha kjensla av at dei er med på dei voksne sin tur, dei må eiga opplevinga sjølv. Det handlar ikkje om å gå lengst mogleg, men å ha det fint i lag når ein går.

Andre tips er å ta pausar, slappe av og nyte naturen. Skattejakt, gjettekonkurranse og teljing er også sikre vinnarar.

- Ikkje press dei, men finn på noko kjekt. Gøym noko som borna skal finne. Gjett på kor mange skritt det er til den store steinen de ser der framme. Dette fungerer forbausande godt, seier André.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.