Lokal | 23. juli 2016

Turgåar berga ned frå Lyshorn

Både legevakt, luftambulanse og brannvesenet rykte ut til Lysefjorden laurdag ettermiddag.

Turgåar berga ned frå Lyshorn
Luftambulansen venta ved klosterruinane mens legevakt og brannvesenet var i skogen og fekk mannen ned frå Lyshorn. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 23. juli 2016 16:59

Laurdag i 15.15-tida rykte legevakt, brannvesen og luftambulanse ut til bergingsoppdrag i Lysefjorden.

– Vi stilte med tre mann og ulikt materiell, blant anna ATV-en, fortel brannsjef Stein Gjøsund.

Turgåaren var i så ulent terreng at ATV-en ikkje kunne brukast.

Mannen måtte berast ned til skogsvegen der ein ambulanse køyrde han vidare til luftambulansen som venta på bakkane ved klosterruinane.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.