Lokal | 07. mai 2018

Turgåar: – Vi møtte sakna i 16-tida

Leiteaksjonen: Røde Kors hadde «lyttemannskap» ute i terrenget gjennom natta. Tek oppatt aktivt søk tysdag morgon.

Turgåar: – Vi møtte sakna i 16-tida
Politiet og leitemannskap har base i Røde Kors-huset i Kolskogen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 07. mai 2018 22:15

Bildeserie:

Atle Vågstøl tok mot leitemannskap på Røde Kors-huset. (Foto: KVB)
Atle Vågstøl tok mot leitemannskap på Røde Kors-huset. (Foto: KVB)
Eit Sea King søkte rundt Borgafjellet nesten fram til midnatt. (Foto: AH)
Eit Sea King søkte rundt Borgafjellet nesten fram til midnatt. (Foto: AH)
1 av 2
Atle Vågstøl tok mot leitemannskap på Røde Kors-huset. (Foto: KVB)
Eit Sea King søkte rundt Borgafjellet nesten fram til midnatt. (Foto: AH)

Måndag klokka 15.20 blei ein mann i 50-åra meldt sakna, klokka 19.35 gjekk politiet ut med etterlysing med namn og bilde av sakna.

Vedkomande gjekk frå Nordmarka i 12-tida og blei meldt sakna då han ikkje kom heim til avtalt tid.

Luftambulansen, Sea King redningshelikopter frå Sola, seks hundeekvipasjar og nesten 50 mannskap frå Røde Kors har drive søk etter mannen i og rundt Nordmarka og Borgafjellet.

Klokka 23.50 er mannen framleis ikkje funnen.

Turgåarar kan ha møtt sakna

Eit vitne som kontakta Midtsiden klokka 23, etter ikkje å ha kome gjennom på telefon til politiet, fortel at ho og ektemannen møtte ein mann som likna både bilde og skildringa.

– Vi møtte han då vi nett hadde kome ned frå Linken, der du kan velja mellom Linken og Stemmedalen (som går vidare mot Møsnuken eller Borgafjellet.

– Han var på veg opp, vi var på veg ned. Vi kjenner han ikkje frå før, men vi helste, slik vi som oftast gjer når vi møter folk på tur.

(Vi skreiv først at dei møttest lengre oppe i Stemmedalen, men møtet var altså nesten nede ved parkeringsplassen)

Ekteparet hadde gått inn Stemmedalen, opp til Møsnuken og vidda tilbake til Linken og ned det bratte partiet. Dei møtte mannen, som kan vera den same som sakna, på graset som av og til fungerer som beite, mellom parkeringsplassen og starten på skogen og turterrenget.

Dette var i 16-tida, altså fire timar etter at mannen gjekk frå Nordmarka og over ein halvtime etter at han blei meldt sakna.

– Mannen hadde svart tskjorte og svart bukse. Vi er usikre på om han hadde grøn stripe i buksa, slik det var skildra. Årsaka til at vi hugsar han så godt er at han er den einaste vi møtte på turen.

– Han hadde godt tempo, det verka som om han var i bra form.

Midtsiden har gjeve opplysingane vidare til politiet og sett politiet i kontakt med turgåarane.

Om du kjenner til at det var andre enn sakna som møtte eit ektepar i Stemmedalen i 16-tida, så kontakt oss på tips@midtsiden.no.

Har folk i terrenget gjennom natta

– Vi trappar ned søkeaktiviteten no, men har nokre få på vakt og ute i felten gjennom natta. Tysdag morgon tar vi opp igjen aktiviteten, seier innsatsleiar Kjetil Øyri til Midtsiden måndag kveld.

– Sea King held framleis på, men gir seg nok snart. Eg vil tru det byrjar å bli på tida å fylla drivstoff.

– Har de fått inn tips frå publikum?

– Ja, men ingen tips som tilseier at vi skal endra område å søkja i. Siste sikre observasjon er framleis då han gjekk frå Nordmarka.

Atle Vågstøl frå Os Røde Kors hjelpekorps har koordinert Røde Kors sin innsats.

– Vi har hatt tilreisande frå andre korps i vårt område, «område 2», frå både Osterøy, Øygarden, Arna og nærmare, som Fana og Bergen, seier Vågstøl.

I tillegg har fleire sivile meldt seg som frivillig. Nokre av dei har møtt på basen på Røde Kors-huset i Kolskogen, andre har vore i terrenget og ringt inn for å melda seg og for å spørja kvar Røde Kors ønskjer at dei skal søkja.

– Sea King-en tar seg nokre sveip no før midnatt, når det er færre folk i terrenget, så gir dei seg for natta.

– Det er politi på plass i basen i natt. Det blir tre frå Røde Kors, nokre av dei med hund, ute i terrenget fram til morgonen. Dei skal sitja i terrenget på sokalla lyttepost gjennom natta, fortel Vågstøl.

Oppdatert:

Kl 08.00: Store styrker frå Røde Kors og Norske Redningshunder tek no opp att søket etter den sakna mannen. Lyttepostane som har vore ute i natt har ikkje gjort nye funn.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.