Lokal | 30. apr. 2016

Turisme skaper promille-reaksjonar

Politiet fekk tips om mogleg promillekøyring og rykte ut for å stoppa ein som kom av ferja.

Turisme skaper promille-reaksjonar
Folk på veg av ei ferje på Halhjem reagerte på køyremønsteret til eit gresk ektepar på tur. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 30. apr. 2016 08:50

To gongar på to dagar har politiet blitt tipsa om, og stoppa, bilførarar mistenkt for å vera påverka.

Politiet har tatt mange unge førarar for køyring i rus det siste året, men torsdag var det ein ungdom på øvelseskøyring, fredag var det ein edru turist frå Hellas.

– Patruljen fann bilen i 19.30-tida og fekk sjekka førar. I bilen sat eit gresk ektepar. Begge hadde førarkort. Førar innrømte at han gjerne ikkje køyrde så bra på dei lokale vegane som dei innfødde, men han var edru, fortel operasjonsleiar Lars Geitle i Vest politidistrikt.

– Dette er ganske vanleg når det nærmar seg sommar. Det handlar ikkje berre om kartlesing, turistar tar det gjerne meir med ro og vil sjå på landskapen. Ofte køyrer dei leigebil, så det er ikkje noko med bilen som seier at her er det ein som ikkje er kjend.

Til hinder

Politiet er likevel glad for at publikum melder ifrå.

– Køyring med promille og i rus er dessverre eit problem, å stoppa desse har høg prioritet. Folk skal dessutan ikkje, sjølv om dei er edrue, vera til hinder for vanleg ferdsel.

For to veker sidan blei ei kvinne meldt for å ha køyrd for seint på E39 frå Bergen til Os.

– Ho blir meldt for brot på paragraf 3, for å ha vore til hinder for normal trafikk, sa politioverbetjent Audun Hadler-Olsen til Midtsiden 12. april.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.