Lokal | 15. juli 2014

Tursti nærare ei løysing?

Kan områderegulering av Ulven leir løyse kommunen sitt ønske om tursti rundt Ulvenvatnet?

Tursti nærare ei løysing?
Korleis ein kan koma seg rundt Brandsneset med turstien blir eit sentralt tema i områdereguleringa for Ulven leir (foto: KVB)
Andris Hamretirsdag 15. juli 2014 09:39

I januar gav Plan- og bygningsutvalet forsvaret løyve til å starta arbeidet med ei områderegulering for det militære området på Ulven. I vedtaket låg det krav om gang- og sykkelveg langs Lysefjordvegen og den etterkvart så mykje omsnakka turvegen rundt Ulvenvatnet.

Forsvarsbygg, som forvaltar og driftar dei områda forsvaret nyttar, har etter det jobba fram ei skisse for områdereguleringa, som truleg blir varsla oppstart av til hausten.

Viktig øvingsfelt

I plangrunnlaget omtalar Forsvarbygg Ulven leir som ein viktig øvingarena for dei militære styrkene, saman med Mjølfjell/Brandset skyte- og øvingsfelt i Voss.

«Ulven leir/Ulven skyte- og øvingsfelt er et prioritert område for Forsvaret. Området har en strategisk beliggenhet og Ulven skyte- og øvingsfelt er det eneste øvelsestilbudet av sitt slag i dag for Forsvaret på Vestlandet. Kapasitetene her er vesentlige for Heimevernet og for Sjøforsvaret, pga tilgjengelighet og skytebanefasiliteter. Området brukes i et samspill med Mjølfjell/Brandset skyte- og øvingsfelt i Voss kommune, da dette området gir rom for skyting med tyngre våpen og mer feltmessige øvelser. Ulven er dessuten en viktig ressurs for politiet.

Forsvaret, dvs militær bruker, og Forsvarsbygg som utbygger og forvalter av bygg og anlegg, ser behov for en oppgradering av skytebanene til tidsmessig miljøstandard og framtidsrettede behov. I hovedsak dreier dette seg om tiltak på eksisterende baner. Det vil si at områder med bygg og anlegg ikke eller i beskjeden grad vil bli utvidet. Området vil ikke bli brukt til blindgjengergivende ammunisjon (bombekaster mm).

Ut fra kjente forutsetninger vil bruksomfang og type bruk ikke endres vesentlig fra dagens situasjon.»

Brandsneset sentralt for øving

I skissa til planprogram omtalar også Forsvarsbygg det som for mange osingar kanskje opplevast som noko av det viktigaste, nemleg tilgang til Ulvenvatet og området rundt for friluftsliv og aktiviteter.

«Ulvenvatnet er tettstedsnært og et viktig område for ulike former for friluftsliv og fritidsaktiviteter. Det gjelder både allment friluftsliv i skog og på vann, og tilrettelagte aktiviteter som luft- og vannsport. Planarbeidet må vurdere og avklare følgende problemstillinger:

  • Avklare muligheter for å tilrettelegge for gjennomgående tursti på sørsida av Ulvenvannet, i avveiing mot sikkerhet og Forsvarets bruk av området
  • Rammer for bruk og evt utvidelse av flyplassen
  • Idrett og friluftsbruk på Ulvenvatnet, både is- og vannflaten
  • Planene for motorsportanlegget ved den videregående skolen.

Når det gjelder tursti rundt Ulvenvannet, er det dels regulert og opparbeidet en trasé, og dels fungerer gårdsveger og stier som del av tilbudet. På strekningen fra Langaneset og forbi Brandsneset til fv 160 har Forsvaret betydelige interesser. Området er sentralt for feltmessig trening og øvelser, og det er et sprengningsfelt med sporadisk bruk. Planprosessen må avdekke om og evt hvordan det er mulig å kombinere de to brukerinteressene.»

Sti bolta i fjell over vatnet?

I ein førebels vurdering av planskissa kjem planavdelinga i kommunen med eit par kommentarar når det gjeld ålmenta sine interesser i området.

– Når det gjeld den sivile fleirbruken av området så er dette i all hovedsak den frie, ållmenne friluftsaktiviteten (rekreasjon, med vandring, sykling og fisking), den pedagogisk tilrettelagte undervisninga i regi av skulane i området, seil-, mikro- og modellflyaktiviteten til Os aeroklubb, roaktiviteten til Os roklubb og motorcross-aktiviteten til Os MC/MX-klubb. Dei etterkvart mange brukargruppene er venta å få sine behov grundig gjennomgått i reguleringsplanen.

– Det militære treningsfeltet ved Brandsneset er eit viktig område for Forsvaret. Det blir avgjerande å finne ein fullgod løysing på korleis sivil ferdsel skal kanaliserast utanom dette feltet. Opparbeiding av stiar med mogleg promenade bolta fast i fjellnabben ut mot vatnet har vore skissert som moglege tiltak. Ein ser i møte ein grundig gjennomgang av utfordringane knytt til dette heilt sentrale «knutepunktet».

Moderne varsling mogleg?

Planavdelinga utfordrar også forsvarsbygg på å utvikla eit moderne, brukarvennleg, varslingssystem for varsling av turgåarar, om faren for konflikt mellom øving og friluftsaktivitet oppstår.

– Planskissa tek kun i lita grad opp i seg mulegheitene Forsvaret har for å utvikle oppdaterte, brukarvenlege, varslingssystem i tilfelle der Forsvaret ser det som absolutt naudsynt å stenge sivil ferdsel ute frå planområdet.

– Os kommune har vanskar med å sjå kva for aktivitetar dette skulle vere no som det er eit overordna mål å regulere sivil aktivitet inn i planen. Dette skal gje Forsvaret den forutsigbarheit dei treng i planlegging og gjennomføring av sine aktivitetar.

– Når dette er sagt tillet me oss å peike på at Forsvaret, eksempelvis gjennom eit FoU-prosjekt, kunne hatt mykje å vinne på å utvikle eit informasjons- og varslingssystem basert på ny teknologi tilrettelagt for mobile, handheldte platformer, heiter det i kommunen sin kommentar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.