Lokal | 05. sep. 2015

Tverrpolitisk siger i ro-kampen

#ValiOs15 • Bildeserie: Kanskje er det eit signal om at tverrpolitisk samarbeid ikkje er så dumt. TVS vann iallefall kapproinga i oselvarar laurdag. Sjå resultata her.

Tverrpolitisk siger i ro-kampen
Øystein Nordvik og Jan Helge Corneliussen frå TVS var raskast av politikarane (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrelørdag 05. sep. 2015 14:17

Bildeserie:

Siren Tømmerbakke og Ingrid Netland frå SP var den einaste reine damebåten (foto: AH)
Siren Tømmerbakke og Ingrid Netland frå SP var den einaste reine damebåten (foto: AH)
SV tapte på at dei knakk den eine åra (foto: AH)
SV tapte på at dei knakk den eine åra (foto: AH)
Venstre freista å markere eit politisk bodskap (foto: AH)
Venstre freista å markere eit politisk bodskap (foto: AH)
Rune Søvik var speakar og måldommar (foto: AH)
Rune Søvik var speakar og måldommar (foto: AH)
Deltakarane koste seg, men var nok spente før start (foto: AH)
Deltakarane koste seg, men var nok spente før start (foto: AH)
AP sin båt (foto: AH)
AP sin båt (foto: AH)
Frp sin båt (foto: AH)
Frp sin båt (foto: AH)
H sin båt (foto: AH)
H sin båt (foto: AH)
KrF sin båt (foto: AH)
KrF sin båt (foto: AH)
MDG sin båt (foto: AH)
MDG sin båt (foto: AH)
SP sin båt (foto: AH)
SP sin båt (foto: AH)
SV sin båt (foto: AH)
SV sin båt (foto: AH)
Vinnarbåten frå TVS (foto: AH)
Vinnarbåten frå TVS (foto: AH)
V satte kurs mot Oseana (foto: AH)
V satte kurs mot Oseana (foto: AH)
Korduellen med gjestane frå Østerdalen nærmast kamera (foto: AH)
Korduellen med gjestane frå Østerdalen nærmast kamera (foto: AH)
Hordalandsbåten i kommuneduellen (foto: AH)
Hordalandsbåten i kommuneduellen (foto: AH)
Østerdalsbåten i kommuneduellen (foto: AH)
Østerdalsbåten i kommuneduellen (foto: AH)
Rockeklubben satsa på ein roar og ein gitarist/songar (foto: AH)
Rockeklubben satsa på ein roar og ein gitarist/songar (foto: AH)
Midtsiden sin båt (foto: AH)
Midtsiden sin båt (foto: AH)
1 av 19

Det blei stor stemning og mykje løye då dei politiske partia stilte til mannjevning i oselvarar i samband med Oselvarfestivalen laurdag.

I fire heat var dei ni politiske partia delt inn det arrangøren tenkte kunne bli artige duellar.

Første duell sto mellom dei to regjeringspartia FrP og Høgre. Frp-båten kom best ut og tok ein relativt kontrollert siger over partiet dei styrer kommunen saman med.

– Det var deilig, fantastisk innsats, jubla Terje Søviknes til partifellene etter sigeren.

Ein mann og knekt åre

I det andre heatet var nykommarane i MDG satt opp mot partiet med den yngste ordførarkandidaten Oddne Bjørnør Horg frå SV.

At MDG er eit ferskt parti veit dei fleste, men at dei er så ferske at dei ikkje klarte å stilla med meir enn ein mann overraska.

– Vi hadde hatt folk å stilla, men fann ut at det var meir rett for oss i MDG å ta dette som ein familietur. Målet var ikkje å vinna, men å ha ein fin tur med gutane på fjorden, fortel Nils-Anders Nøttseter.

At han var aleine om å ro viste seg kanskje å vera eit lurt trek. Han vann iallefall heatet. Det er ikkje umogleg at SV lei under at den eine åra deira knakk under roturen.

Rodde rett mot Oseana

Tredje heat var Venstre mot Arbeiderpartiet. To av dei partia som har heva stemma høgast i kritikken mot dagens styre.

Arbeiderpartiet kom godt ut og tok raskt føringa i heatet, og etterkvar sigeren. Venstre rodde seg utruleg nok til høgre og var nær ved å enda opp borte ved Oseana. Kanskje ikkje så overraskande med komponist Glenn Erik Haugland i båten.

– Dei nektar nok berre å bruke høgre åra, var det vittige sjeler på brygga som kommenterte.

Vinnarane kom i siste heat

For å få det til å gå opp var tre parti satt saman i siste heat. Sentrumspartia TVS, KrF og SP var duellantane.

Med Øystein Nordvik, som etter sigande ror rundt Lysøen kvar dag, i båten gjorde TVS kort prosess og vant heatet og konkurransa samanlagt.

– Det er heilt greitt at dei vann, men vi vann dameklassa, meinte Ingrid Netland (SP) som saman med partikollega Siren Tømmerbakke stilte i den einaste reine damebåten.

Tok utfordringa

Etter at politikarane hadde rodd seg ferdig var det lagt opp til eit heat med frivillige lag. Då Os Roklubb ikkje dukka opp for å ro mot Os Rockeklubb tok både Midtsiden og Oselvarlaget utfordringa på strak arm. Vi fekk med oss rockegeneral Kjetil Osablod Grønvigh (han har tross alt same fornavn som redaktøren), men var sjanselause mot dei røynde roarane i Oselvarlaget.

Men i motsetning til konkurrenten i nabobygget tok vi utfordringa som blei gitt oss begge før konkurransa starta.

Resultata

Politikarduellen:
TVS – 3:35
Frp – 3:50
Ap – 4:00
H – 4:10
KrF – 4:13
MDG – 4:59 (med ein roar)
Sp – 5:00 (rein damebåt)
V – 5:03
SV – 6:59 (med knekt åre)

Kommunekampen Os mot Os
Os Hordaland – 4:17
Os Hedmark – 4:46

Korkampen
Os Mannskor Hordaland – 3:40
Os Mannskor Hedmark – 4:35

Oselvarlaget – 3:05
Midtsiden – 4:45
Os Rockeklubb – 4:58 (med gitar)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.