Sport | 10. aug. 2014

Uavgjort igjen

Lysekloster - Os 2-2: – Nett no føler eg det var tidenes ran, sa Lysekloster-trenar Torbjørn Birkelund etter kampen.

Uavgjort igjen
Preben Borgen opna med eit skot frå 14 meter (foto: Andris Hamre)
Andris Hamresøndag 10. aug. 2014 17:18

Bildeserie:

Om lag 600 fekk med seg kampen på Edne (foto: AH)
Om lag 600 fekk med seg kampen på Edne (foto: AH)
Stian Lunde utliknar til 1-1 (foto: AH)
Stian Lunde utliknar til 1-1 (foto: AH)
Preben Skorpen var stadig frampå. 2-1 kom etter eit nydeleg langskot frå 28 meter (foto: AH)
Preben Skorpen var stadig frampå. 2-1 kom etter eit nydeleg langskot frå 28 meter (foto: AH)
Til jubel for Lysekloster-spelarane og cirka halve tribunen (foto: AH)
Til jubel for Lysekloster-spelarane og cirka halve tribunen (foto: AH)
Den andre halvparten jubla då Erik Kanestrøm utlikna til 2-2 (foto: AH)
Den andre halvparten jubla då Erik Kanestrøm utlikna til 2-2 (foto: AH)
Christer Olsen var stadig frampå med småfarlege sjanser for Os (foto: AH)
Christer Olsen var stadig frampå med småfarlege sjanser for Os (foto: AH)
Nyervervelsen på Lysekloster, Thomas Helland, viste at han kan bli ein farleg spiss utover hausten (foto: AH)
Nyervervelsen på Lysekloster, Thomas Helland, viste at han kan bli ein farleg spiss utover hausten (foto: AH)
1 av 7

Lokaloppgjeret mellom Os på tredjeplass og Lysekloster på fjerdeplass lokka om

lag 600 tilskodarar på Edne. Dei fekk med seg eit typisk lokaloppgjer med høgt tenningsnivå.

Sjå tabellen

Os gjekk rett i angrep og hadde med Christer Olsen ei småfarleg avslutning på mål få sekund ut i kampen.

Lysekloster svarte med éin gong. Martin Eidsvik heada rett på keeper. Etter dette tok Lysekloster styringa i kampen.

Etter 12 minutt spel plasserte Preben Borgen ballen utagbart i det korte hjørnet under Frode Øvredal i Os-målet.

Lysekloster heldt fram med presset, både Knut Eriksen Eide og Simen Birkelund har farlege sjanser, men ballen går ikkje i mål.

Etter ein halvtime spelt kom Os rundt på høgre kanten. På bakre stople dukka kaptein Stian Lunde opp og heada ballen i mål.

Tempoet og intenisteten blei noko dempa, men etter 41 minutt sette Preben Skorpen inn det som må vera årets mål på Lysekloster idrettspark.

Frå cirka 28 meter, i ubalanse, plasserte han ballen i ein perfekt boge forbi ein Os-keeper som ikkje hadde kome seg på plass etter ein situasjon rett før.

Andre omgang blir meir rotete. Ingen av laga vil tapa, noko som set sitt preg på spelet, med høgt stressnivå, mykje feilpasningar og dårlege val.

Med eit snaut kvarter igjen får Erik Kanestrøm stå heilt åleine på fem-meteren. Mats Cato Moldskred får det med seg og plasserer ballen fint på Kanestrøm sitt hovude, og Erik utliknar til 2-2.

Lysekloster - Os 2-2 (2-1)
Gule kort: Børge Borgen og Mats Lepsøe.
Lysekloster: Chris Sunde Midtun, Sigve Rørstad (Lars Henrik Skage, 75 min), Steffen Finsådal (Thomas Helland, 61 min), Simen Birkelund, Baste Jonassen, Martin Eidsvik (Tore Valvik, 83 min), Preben Borgen, Preben Skorpen, Knut Eriksen Eide, Aleksander Andersen.
Os: Frode Moberg Øvredal, Børge Borgen, Emilis Zilinskas, Glenn Krossøy, Torkel Hjertnes, Stian Lunde, Erik Kanestrøm, Mats Lepsøe, Roar Vestbø (Anders Kinden, 61 min), Mats Cato Moldskred, Christer Olsen.

– Tidenes ran

Lysekloster-trenar Torbjørn Birkelund var skuffa etter kampen.

– Dette føles som tidenes ran. Vi hadde to mål før kampen, vinna kampen og visa at vi er eit betre lag enn Os. Det eine klarte vi.

– Diverre viser kampen igjen kva vi slit med. Vi skaper nok av sjanser, men får dei ikkje i mål.

– At vi glipper på ei markering som gjer at Os utliknar til 2-2 er sjølvsagt irriterande, men kampen reflekterer mykje av den framgangen vi har sett på treningsfeltet i sommar.

– Eg er nøgd med mykje, men ikkje resultatet, oppsummerer Birkelund.

– Blei litt panisk

Assistenttrenar Rune Fjellberg var nøgd med at Os berga eitt poeng.

– Om det er tenningsnivået som er for høgt, eller kva det er veit eg ikkje, men vi fekk ikkje til spelet vårt i dag.

– Vi blir paniske i klareringane og klarerer svakt. I staden for å gjera det skikkeleg blir det halvvegs.

– Vi gir rett og slett Lysekloster måla og fleire farlege sjansar fordi vi er for ubesluttsame.

– Slik kampen blei på slutten er det greitt med eitt poeng, konkluderer Fjellberg.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.