Lokal | 24. jan. 2018

Ubåt på tokt utanfor Os hamn

KNM «Mjølner» kretsar rundt og over «Uthaug» i fjorden i dag.

Ubåt på tokt utanfor Os hamn
Ubåten «Uthaug» og monitoren KNM «Mjølner» utanfor Os hamn i dag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 24. jan. 2018 11:46

Bildeserie:

1 av 2

Onsdag formiddag fekk Midtsiden spørsmål frå ein lesar på Moberslia, som lurde på om det var ubåt ho såg i fjorden.

På MarineTraffic.com var det merkt av KNM Mjølner og «Norwegian Warship (unspecified)».

– Det stemmer at vi har ubåt utanfor Os no, stadfestar presse- og informasjonsoffiser i Sjøforsvaret, Thomas Gjesdal.

Han vil ikkje seia i detalj kva toktet går utpå eller kor lenge det varer.

– Marinen sin flåte er kontinuerleg ute og seglar. Dette er rutinemessig øving og trening.

Om båtane

Ubåten som er utanfor Os heiter «Uthaug», og er ein av Sjøforsvare sine seks ubåtar.

• VG: Norge bestiller fire nye ubåter (2017)

«Uthaug» er i Ulaklassen, som har desse dimensjonane:
Lengde: 59 meter
Breidde: 5,4 meter
Djupne: 4,6 meter
Deplasement: 1040 tonn (overflate) – 1150 tonn (neddykka)
Besetning: 21+
Fart: 10 knop (overflate) – 20+ knop (neddykka)

– Ubåtar er vanskelege å oppdaga og er utan tvil Sjøforsvarets mest avskrekkande kampsystem – sett frå ståstaden til potensielle fiendar, skriv Forsvaret.no på si side om Ulaklassen.

I februar i fjor var «Uredd», ein annan ubåt i same klasse, og braut vasskorpa i Os.

KNM «Mjølner« er ein av Sjøforsvaret sine fire monitorar i Skorpionen-klassen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.