Sport | 02. des. 2015

Ubesigra til jul

Volleyballdamene til Søre Neset går inn i julestria som ubesigra i serien.

Ubesigra til jul
Vibeke Ingebrigtsen (i midten) og Marianne Borgen (til høgre) plukka flest poeng for Søre Neset i sigeren mot Fotlandsvåg (foto: AH)
Andris Hamreonsdag 02. des. 2015 07:28

Tysdag kveld spelte Søre Neset den siste seriekampen i haust, borte mot Fotlandsvåg. Framleis gjenstår rankingspelet før volleyballjentene kan ta juleferie, men i serien kan dei sjå tilbake på ein svært god haust.

– Det er 8 kampar og 8 sigrar det, oppsummerar trenar Morten Asphaug.

Fotlandsvåg - Søre Neset 0-3 (22-25, 19-25, 12-25)

– Vi startar både første og andre settet litt svakt og kjem bakpå med eit par poeng fram til setta er omlag halvvegs. Då smeller vi til og snur dei til siger.

– Før det tredje settet såg vi at Fotlandsvåg byrja å bli ferdige, så vi satte oss eit mål om å holde dei under 15 poeng. Det klarte vi, seier Asphaug om settet som i utvikling var ganske lik dei to første med ein litt svak start og ei sterk avslutning.

Plukka 20 poeng

Aspehaug fortel at den store poengdronninga i kampen mot Fotlandsvåg var Vibeke Ingebrigtsen.

– Ho starta med nokre feil i byrjinga, men fann ut korleis det skulle gjerast og plukka 20 poeng for oss etterfulgt av Marianne Borgen med 11 og Anne Irene Jensen med 8.

– Ei anna som imponerte var Ingrid Tombre. Vi mangla det faste oppleggaren vår, Patrycja Plata, så Ingrid tok over den rolla. Eg er veldig imponert over ho, som steppa inn og som normalt sett er libro serva inn seks ess, avslutter Asphaug.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.