Lokal | 11. mars 2017

Uklart slagsmål i sentrum

To menn braka saman i sentrum natt til laurdag. Kvifor veit ikkje politiet.

Uklart slagsmål i sentrum
Politiet kom over to menn som hadde braka saman i sentrum natt til laurdag (ill.foto. KVB)
Andris Hamrelørdag 11. mars 2017 08:26

Det har vore ei relativt stille og roleg natt for politiet i Os.

– Vi kom over eit slagsmål i Os sentrum natt til laurdag klokka 0353, men kva som var årsak og kva rolle dei har spelt opp mot kvarandre er noko uklart. Dei blei begge pålagt å halde seg unna sentrum i 12 timar.

– Det var to menn som braka saman, ein mann i 20- åra og ein mann i 30-åra. Ingen av dei har anmeldt kvarandre så langt, fortel operasjonsleiar ved Vest politidistrikt.

Pipebrann i Steglet

Tidlegare på kvelden hadde brannvesenet ei utrykking til Steglet kor det var meldt om ein pipebrann.

– Vi var ikkkje ut der. Dette tok brannvesenet seg av og fekk sløkt. Det skal ikkje ha vore gjennomslag i pipa.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.