Lokal | 13. mai 2017

Ulovleg fisking og urinering

To personar fiska ulovleg i Oselvo. Mann urinerte ved Engeline. Bål blussa opp på Søfteland. Katt påkøyrd ved Rema.

Ulovleg fisking og urinering
Politiet hadde fleire småoppdrag dei måtte ta hand om natt til laurdag (ill.foto: AH)
Andris Hamrelørdag 13. mai 2017 07:45

Det er ikkje dei store sakane politiet har hatt å hanskast med i løpet av natta.

– Det første eg har i loggen er klokka 2233 fredag kveld. Då skal to menn ha fiska ulovleg i Oselvo ved Tanngarden. Ein utenlandsk bil blei observert på staden. Politiet er kjend med desse, men var oppteke i eit anna oppdrag så dei fekk ikkje snakka med desse to denne gongen, fortel operasjonsleiar Kjersti Eidsnes ved Vest politidistrikt.

Urinerte og var ufin

Litt seinare klokka 0050 rykte patrulja ut til Oselvos bredd.

– Då var det ein osing i 40-åra som urinerte på veggen til Engeline og var ufin med vektaren på utestaden. Politiet snakka til han og påla han å komma seg heim.

Bål blussa opp

Klokka 0226 var det også brannvesenet sin tur til å rykka ut.

– Det er litt uklart frå loggen med det skal ha vore eit bål som har blussa opp igjen like ved skulen på Søfteland. Brannvesenet rykte ut og sløkte det. Dei var ferdige der klokka 0300. I følgje nokre vitner som skal ein nabo ha brent bål tidlegare på dagen. Det skal ha vore dette som har blussa opp att, fortel Eidsnes.

Katt påkøyrd

Operasjonsleiaren fortel at dei også har fått melding om ein katt som blei påkøyrd på Byvegen.

– Det skjedde 50 meter frå gangfeltet ved Rema på Byvegen. Katten døydde dessverre. Den blei teke hand om frå ein entreprenør som vegvesenet bruker.

Det skal også ha vore ein slostkamp på Esso i 0230-tida. Dei to som slost kjenner ein namnet på, men dei var reist frå staden før politiet kom dit.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.