Lokal | 21. mars 2018

Undervatnkamera kan koma like etter påske

Webkamera som ser laksen på veg opp Oselvo kan bli første steg i "nye" Os Hamn. Sjå planane for heile hamna her.

Undervatnkamera kan koma like etter påske
Innfelt kartet som viser korleis hamneutvalet har tenkt utviklinga av Os hamn (foto/ill: Andris Hamre/Os kommune)
Andris Hamreonsdag 21. mars 2018 09:15

Bildeserie:

Heile kartet (ill: Os kommune)
Heile kartet (ill: Os kommune)
Øvre del av hamneområdet/nedre del av Oselvo (ill: Os kommune)
Øvre del av hamneområdet/nedre del av Oselvo (ill: Os kommune)
Midtre del av hamneområdet (ill: Os kommune)
Midtre del av hamneområdet (ill: Os kommune)
Ytre del av hamneområdet (ill: Os kommune)
Ytre del av hamneområdet (ill: Os kommune)
1 av 4
Heile kartet (ill: Os kommune)
Øvre del av hamneområdet/nedre del av Oselvo (ill: Os kommune)
Midtre del av hamneområdet (ill: Os kommune)
Ytre del av hamneområdet (ill: Os kommune)

Adhoc-utvalet for Os hamn leverte tysdag si innstilling til formannskapet om kva ein bør gjera for å løfte hamneområdet til å bli ei enno meir attraktiv hamn for båtturistar, cruisetrafikk og andre besøkande.

Utvalet presenterte ein tre trinnsplan, kor dei enklare, kortsiktige, tiltaka kan gjerast allereie i løpet av det første året.

I dette ligg mellomanna digitalisering av handtering av gjestetrafikk, etablere midlertidige aktivitetstilbod som leikeplassar, beachvolleyball og liknande på eit område ved pumpestasjonen på gjestebrygga.

– Noko av det første som vil skje er å få satt opp webkamera som vil dekkje heile hamna, slik at folk kan gå inn og sjå om det er ledige plassar og kor dei kan legga seg, før dei tek turen til Os.

– I tillegg vil vi setta opp eit undervatnkamera på ein av stolpane på Osbrua, slik at ein kan sjå laksen som står og ventar på å gå opp elvo. Det blir stilig og snop for dei som driv laksefiske. Det blir eit forskningsprosjekt med tanke på korleis ein må gjera det for å få gode nok bileter i alt slags lys og vêr, fortalde Daniel Skotheim, som har vore sekretær for utvalet.

Etter møtet fortalde Skotheim til Midtsiden at målet er å få opp undervatnkameraet før fisken byrjer å gå opp elva.

– Vi håper å ha det på plass omlag fjorten dager etter påske.

Aktivitet i hamna

Av dei andre kortsiktige tiltaka er etablering av eit mellombels aktivitetsområde på gjestebygga.

– Vi har lyst å gå inn i området med amfiet ned om gjestehamna. Det er eit område der som kan nyttast til ein mellombels oppsett, slik at vi kan sjå kva som fungerer og ikkje fungerer. Det er viktig å legga opp til aktiviteter for barn og unge, også i hamna. Dette er eit prosjekt som det finst eindel midler til, mellomanna gjennom fylkeskommunen og leikeløypo.

Eit anna bidrag som kan vera med å skapa aktivitet er å få ei attraksjon i hamna. I teikningane har hamneutvalet sett for seg denne på moloen framfor Os sjøfront.

Arne Mæland presenterte, litt tilfeldig, sin idé om den blå glaspyramiden i same møte.

Har vore konkrete

Formannskapet likte planane dei fekk presentert.

– Dette er veldig spennande og er sammanfallande med dei andre tinga som det jobbast med, til dømes turismesatsing, liv på øyro og områdeplanen. Det å flytta ut aktivitet i hamna vil óg gje liv på Øyro. Eg meiner dei tinga de foreslår på kort sikt virkar realiserbart, kommenterte Jon Sivert Rykkel (V).

– Vi synes også dette ser spennande ut, men vi må finna ein måte å få formalisert innspela på. Difor har Frp/H eit alternativt framlegg der Os formannskap stiller seg bak innspela frå adhoc-utvalet, slik at vi sikrar at det bli tatt vidare både administrativt og politisk i områdeplanen og dei andre tinga vi jobbar med, sa Eirik André Hesthamar (Frp).

– Det er derfor vi har vore såpass tydelege, som vi har vore i kartet og skrive kva vi tenkjer oss kor slik at alle kan ta stilling til om dei likar det eller ikkje, svara Espen Aspenes (Frp).

Kor mykje forpliktar det

Også Arbeiderpartiet likte det dei såg, men var litt meir uroa for kva konsekvensar det ville få å stille seg bak innspela.

– Kor mykje forpliktar vi oss då. Vi har starta andre arbeid også. Eg meiner det kan vera greitt å ta dette til orientering. Vi kan ikkje stå for noko i dag, som vi ikkje kan stå for den neste dag. V har mellomanna bestilt ein moglegheitsstudie. Om det blir interessekonflikter så må vi kunne ta med oss dei også i vurderingane, kommenterte Helge Steinum (Ap) som ikkje fekk støtte frå Ståle Skaatun (H).

– Vi har ikkje lagt opp til eit vedtak, men litt meir forpliktande enn berre å ta det til orientering. Vi har satt ned eit politisk utval som har gjort eit stykke arbeid. Eg er uroa at viss vi berre tek det til orientering så blir det berre satt i ei hylle. Om arbeidet stoppar opp, kven skal då ta tak i det.

– Vi veit kva vi får midt i fleisen om vi fattar vedtak her, svara Steinum.

Vil løfta det opp

Partikollega Tone Hepsøe lurte på kva administrasjonen og kommunalsjef for Samfunnsutvikling, Aina Tjosås, tenke om graden av forpliktelse.

– Er det ein praktisk betydning på kva vi seier, undra Hepsøe.

– Det er heilt flott at adhoc-utvalet kjem med konkrete forslag. Vi tek det med inn i dei andre planane, om vi fråviker det, så må vi løfta det opp. Vi ser at hamneutvalet ønskjer det slik, vi ønskjer det slik. Då må vi løfta det fram. Eg ser ikkje dette som ei konkret bestilling, men at vi må forklara kvifor vi eventuelt ikkje vil gjera det, svara Tjosås før eit samla formannskap gjekk inn for å stille seg bak innspela.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.