Lokal | 14. jan. 2017
Ung bilførar mistenkt for rus
For andre kveld på rad har politiet mistanke om ruspåverka køyring med ung mann bak rattet.
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 14. jan. 2017 08:29
Torsdag i 23-tida blei ein mann i 20-åra stoppa av politiet i Os sentrum, mistenkt for å køyra i ruspåverka tilstand.
Natt til laurdag, i 1.30-tida, blei ein mann som fyller 20 i år mistenkt for tilsvarande forhold.
– Han blei tatt med for utvida blodprøve, fortel Hans-Eirik Thue, operasjonsleiar i Vest politidistrikt.
I bilen som blei stoppa torsdag blei det funne hasj. Det blei ikkje gjort funn av narkotika på han som blei tatt i natt.
– Hadde han førarkort?
– Det står ikkje noko om det i notatane, så det er uvisst, svarer Thue.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.