Lokal | 08. sep. 2014

Ung mann tatt med ecstasy

Ein bilførar frå Os blei søndag kveld stoppa, utan førarkort, med fleire narkotiske tablettar på seg.

Ung mann tatt med ecstasy
(Ill. foto: AH)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 08. sep. 2014 08:34

Søndag rett før midnatt blei ein bil stoppa av UP rett utanfor Os sentrum.

Bilførar, ein mann i starten av 20-åra frå Os, er utan førarkort.

– Det blei funne nokre tablettar på mannen, og politiet mistenker desse for å vera ecstasy, fortel politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.

– Ecstasy er verkemiddel i noko av stoffet vi kjem over, men det er sjeldan og lenge sidan sist det er tatt beslag i ecstasy i Os.

– Heldigvis har vi ingen indikasjonar på at dette er eit vanleg eller aukande stoff i omlaup i bygda.

Låg-promille og tilsnakk

I tillegg har politiet denne helga tatt hand om blant anna utforkjøring med promille fredag og naken mann på vandring på Søfteland laurdag.

– Klokka 02.20 natt til søndag blei ein ung bilførar stoppa ved Uno X, mistenkt for promillekjøring. Han bles 0,17 på første måling og 0,05 på andre, men blei likevel tatt med til blodprøvetaking.

Ein 18-åring som kjørte fort på Halhjemsvegen slapp unna med tilsnakk.

– Han kjørte svært fort, men vi hadde ikkje måling. Han fekk ei tydeleg melding om korleis han bør kjøra i framtida.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.