Lokal | 19. feb. 2017

Ungdom tipsa om full mann bak rattet

– Det er dessverre mange som køyrer i rus. Denne gongen kan vi takka vaken ungdom for god hjelp, seier politiet.

Ungdom tipsa om full mann bak rattet
(Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 19. feb. 2017 08:02

Klokka 02.45 i natt stoppa politiet ein bilførar som var mistenkt for å ha vore påverka av alkohol.

– Vitne hadde sett at ein full mann sette seg inn i bilen og køyrde. Dei hadde så gode observasjonar at vi både fekk veta kven vedkomande var og kvar vi kunne finna han, fortel politiet.

Vedkomande, ein mann i 20-åra, blei stoppa og tatt med for blodprøve.

Full mann fjerna frå sentrum

I 23-tida laurdag kveld møtte politiet ein mann som ikkje berre var for full til å køyra bil, han var for full til å spasera rundt i Os sentrum.

Mannen, som er i 20-åra, blei køyrd heim og fekk pålegg om å halda seg vekke frå sentrum resten av natta.

Tok hand om rusa mann på morgonkvisten

Laurdag i 9-tida på morgonen tok politiet med seg ein rusa mann i 40-åra.

– Han blei vurdert som altfor rusa til å ta hand om seg sjølv. Vi hadde han i arrest til i 20-tida laurdag kveld.

Det blei funne mindre mengder narkotika i lommene på mannen, som er i 40-åra, noko han fekk forenkla foreleg for.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.