Lokal | 02. des. 2017

Ungdommeleg på julemesse

Ungdomsbedrifta Owks Clothing er ein av utstillarane på julemessa til Nore Neset Aktivitetshus.

Ungdommeleg på julemesse
Sivert Ragnhildstveit og Daniel Fagerli Andreasson frå ungdomsbedrifta Owks Clothing på julemessa på Nore Neset Aktivitetshus (foto: AH)
Andris Hamrelørdag 02. des. 2017 15:42

Bildeserie:

Omlag 40 utstillarar er representert på messa (foto: AH)
Omlag 40 utstillarar er representert på messa (foto: AH)
1 av 1
Omlag 40 utstillarar er representert på messa (foto: AH)

Laurdag og søndag denne helga er det julemesse i idrettshallen på Nore Neset med juleverkstad for dei yngste.

– Vi har omlag 40 utstillarar. Her kan du finna alt mogleg frå betong og glass til strikk og andre handverk, fortel Anne Røberg frå arrangementskomiteen.

Enorm dugnadsinnsats

Bak utstillinga står stiftelsen Nore Neset Aktivitetshus, Nore Neset Sanitetsforening og Nore Neset grendalag.

– Dette er den store felles dugnadsjobben vi har. Eg må seie at det blir lagt ned ein fantastisk innsats frå alle involverte. Ikkje minst frå seniorane våre som har fast dugnad ein dag i veka gjennom heile året. Dei seier aldri nei og har vore viktige i rigginga til messa.

– Også Nore Neset idrettslag gjer ein fantastisk dugnadsinnsats.

Det er andre gangen stiftelsen inviterer til julemesse og Røberg er nøgd så langt.

– Det er klart vi kunne ønskt oss fleire publikummarar. Det har vore ein jamn straum i heile dag, men det er plass til fleire. Det er berre å ta turen i morgon, oppfordrar Røberg.

Eiga klesmerke

Det er ikkje berre kunsthandverk ein finn på messa i år. På to av standene er det ungdomsbedriftar som står. Russehuset og Owks Clothing driv begge i beslekta bransjer.

– Vi har vårt eige klesmerke. Det er Sivert som har designa logoen og merket. Det kan du få både på hettegenser, t-shirts og sydd på caps, fortel Daniel Fagerli Andreasson.

– Salet har gått veldig bra så langt. Sjølv om vi berre har svarte og kvite plagg her, så kan du få bestilla akkurat kva farge du ønskjer på gensarane og t-skjortane. Det er berre å seie frå. Vi har også alle størrelser, frå born til vaksne, reklamerer Andreasson som saman med Sivert Ragnhildstveit står bak ungdomsbedrifta. Dei to er til dagen elevar på Os gymnas.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.