Kultur | 28. okt. 2017

Unge musikarar startar ny arena

UROF vil laga ein serie med konsertar for ungdom, ein arena for både band og publikum.

Unge musikarar startar ny arena
Lilly-Mae Grønvigh og resten av UROF lager konsertkveld av og for ungdom laurdag 11. november. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 28. okt. 2017 09:20

Dei var nystarta, bandet «Ameliorate», då dei på UKM i februar blei sendt vidare til fylkesmønstringa. No er to av bandmedlemmane, Lilly-Mae Grønvigh og Frida Solheim, blant initiativtakarane til «UROF - Ung Rock i Os og Fusa».

• Les òg: Desse er vidare frå UKM

– Det er ikkje så mykje å finna på i Os og Fusa for unge musikkinteresserte. UROF er ikkje berre rock, det er også pop og andre sjangrar, og vi vil laga ein serie med konsertkkveldar i Os og Fusa for lokale band, og for ungdom som vil høyra på, fortel Lilly-Mae til Midtsiden.

To lokale - to frå Bergen

Første konsertkveld blir i Os, i Os Rockeklubb sitt lokale i tilfluktsrommet under Oshallen. Fire band står på plakaten.

– Vi stiller med Ameliorate (Lilly-Mae Grønvigh, Frida Solheim, Zofia Konieczka, Marie Steinum). Frå Fusa har vi med oss Sleepwalkers (Natasja Smørholm, Idar Rolland, Even Engevik Lygre, Marius Nilsen Kleppe, Andreas Nilsen Kleppe).

Dei to andre banda er frå Bergen.

CLOSE skriv om seg sjølv at dei er eit «energifullt pop/punk/ska/indie/rock-band som leverer konserter som lager liv og glede!»

Ant Industry er eit band på fire som blei starta i 2014. Dei helg seg i sjangeren gamal hardrock og prog (Black Sabbath, King Crimson, Van der Graaf Generator, osv.), og nyare alternativ musikk (Radiohead, Gorillaz, osv.).

Gratis og rusfritt

Det som blir UROF sin første konsertkveld har fri entré og er open for ungdom frå ungdomsskulealder til ut vidaregåande (7. klasse til VG3).

– Måndag denne veka fekk vi positivt svar på søknad til Os kommune om økonomisk støtte. Lokalet låner vi gratis og banda speler gratis, men det går litt pengar til lyd og lys, og til rolla som vertsskap.

Arrangørane UROF skal også ha kiosk i rockeklubben denne kvelden.

– For oss som speler i band er det ekstra kjekt å ha ein konsert å sjå fram til, og kanskje kan UROF-kvelden òg vera som ein kickoff for UKM 2018. Det er ikkje lenge til påmeldinga opnar, seier Lilly-Mae Grønvigh.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.