Sport | 16. nov. 2017

Ungjentene snudde kampen

Med eit snitt på omlag 18 år køyrde Osdamene over Sotra.

Ungjentene snudde kampen
Mia Torp Nielsen blei toppskårar med sju mål (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 16. nov. 2017 09:46

Bildeserie:

Emma Sælen Lyssand viste ein god skotarm og putta fire (foto: AH)
Emma Sælen Lyssand viste ein god skotarm og putta fire (foto: AH)
Liv Pauline Lunde finta seg til to mål (foto: AH)
Liv Pauline Lunde finta seg til to mål (foto: AH)
Nora Berge kom inn og banka inn tre (foto: AH)
Nora Berge kom inn og banka inn tre (foto: AH)
Regine Sten putta fire frå venstrekanten (foto: AH)
Regine Sten putta fire frå venstrekanten (foto: AH)
Thiet Dang styrte ungjentene og skåra fem, to av dei på straffe (foto: AH)
Thiet Dang styrte ungjentene og skåra fem, to av dei på straffe (foto: AH)
1 av 5

Trenar Trond Førde Eriksen tok ikkje lett på oppgåva då handballdamene til Os møtte Sotra på bortebane onsdag kveld.

Vertene hadde før kampen tapt alle sine åtte kampar og burde vera ei enkel oppgåve for gjestane frå Os.

– Eg frykta på førehand at vi skulle falle nedpå og ikkje vera påskrudd. Slike kampar som dette er ein vanskeleg mental øvelse. Du veit du skal slå dei, men det er lett for å falle nedpå i intensitet og konsentrasjon, fortel Førde Eriksen om dei 15 første minutta av kampen.

Og han fekk rett. Dei rutinerte Os-spelarane sleit med avslutningane og presisjonen og greidde ikkje å rista eit ungt Sotra-lag av seg.

Lot ungjentene slippe til

Etter kvarteret tok trenaren grep og lot dei yngre jentene, som normalt sit mykje på benken, få sjansen til å visa at dei vil kjempe om plassane på laget.

– Dei siste 45 minutta er bra. Ungjentene kjem innpå og hver nivået, konstanterer ein nøgd trenar.

Sotra - Os 15-35 (10-17)
Utv: Sotra 2x2 min, Os 3x2 min og eitt raudt kort.
Os sitt lag: Marlene Sund, Madeleine Hjertnes 2, Hilde Kristine Røttingen 2, Liv Pauline Lunde 2, Line Hjelle Berentsen 2, Elise Hjelle 2, Irmelin Lund 2, Thiet Dang 5, Regine Sten 4, Nora Berge 3, Emma Sælen Lyssand 4, Mia Torp Nielsen 7

Sjå tabellen

Slapp inn berre sju

Etter at ungjentene tok styringa, anført av playmaker Thiet Dang kom spelet til Os på skinner. Spesielt fekk strekspelar Mia Torp Nielsen god plass inne på linja og kunne teikne seg for sju skåringar. I løpet av dei siste førtifem minutta slepp Os inn berre sju mål.

– Det er eg veldig nøgd med. Eigentleg så burde vi totalt sett slept inn fire-fem mål mindre enn det vi gjer totalt sett, men at vi berre slepp inn sju på førtifem minutt er godkjent.

– I andre omgangen speler vi veldig bra. Ungjentene som får sjansen grip den og gjer ein kjempejobb, seier Førde Eriksen om laget som då hadde ein snittalder på så vidt over 18 år.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.