Kultur | 24. jan. 2015

Universet kjem til Os!

Sciencefiction-forfattar Anne Mette Sannes og ektmannen, astrofysikar Knut Jørgen Røed Ødegaard, vil ta osingane med i verdsrommet.

Universet kjem til Os!
Til venstre: Anne Mette Sannes & Knut Jørgen Røed Ødegaard. Foto: Stefan Kjørsvik, Flink Media AS. Oppe: En jordliknande exoplanet. Illustrasjon: David A. Hardy, PPARC. Nede: Ein framtidsby. Illustrasjon: CG4TV.
Kari M. Lyssandlørdag 24. jan. 2015 08:17

Tysdag kjem Sannes og Ødegaard til Os og Oseana med astroshowet Ad Astra 2222.

I haust deltok dei to på ei stjerneskipkonferanse i Houston, USA, og tysdag kjem dei til Os for å formidla siste nytt om framtidas spektakulære reiser til andre solsystem, og for å ta oss med på ei utforsking av verdsrommet.

Ad Astra betyr "Mot stjernene" og Ad Astra 2222 er eit framtidsprega show som blant anna handlar om framtidige stjernereiser.

– Astroshowet presenterer facinerande fenomen og gjev eit innblikk inn i ei kosmisk framtid med romheisar, store romstasjonar, baser på andre planetar, terraforming av Mars og reiser til fjerne romplaneter, fortel Sannes til Midtsiden.

I Oseana får du oppleva universet med fantastiske bilder, filmar, animasjonar og lydeffektar frå dei siste åras utforsking.

For alle aldrar

Finst det livsformar på fjerne exoplanetar? Finst det intelligent liv? Vil vi i så fall oppnå kontakt?

Ad Astra vil visa gigantiske avstandar, vakre gasståker, kolliderande galakser, svoltne superslurparar og underlege fenomen.

Sannes og Ødegaard har turnert i mange år, men Ad Astra 2222 er eit nyutvikla show som paret har reist rundt med i litt over eit år.

– Vi har nok vore innom dei fleste kulturhus i Noreg, det er utruleg kjekt og publikum får både kunnskap og underhaldning, lover Sannes, som har opplevd publikummarar i alle aldrar, frå 6 til 96 år.

– Vi seier at for å få utbyte av showet så bør ein nok ikkje vera yngre enn 9 år, men det er ikkje noko farleg som skjer på scenen, så det passar for yngre interesserte òg.

Stjernereise om 100-200 år

Ein annan ting osingane vil få innblikk i er kva Ødegaard og Sannes veit om den første stjernereisa som allereie er under planlegging.

– Vi veit veldig mykje om det, dei har kome ganske langt allereie og om 100-200 år kan dei fyrste reisande vera på veg.

Publikum blir også oppfordra til å ta med seg steinar som paret undersøkjer for å finne ut om det er meteorittar, i tillegg vil dei få moglegheit til å få kjenne på ekte meteorittar.

– Dei fleste som har med seg steinar har ikkje ein meteoritt, men det er interessant det òg, for då forklarer vi kva som gjer at det ikkje er det.

– Dette er eit underhaldningshow der ein kan lære masse på ein humoristisk måte, fortel det engasjerte astroparet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.