Lokal | 22. mai 2015

– Unngå konfliktar og irritasjon

I kampanjen «Del veien» kjem Statens vegvesen med desse åtte tipsa til bilistar og syklistar.

– Unngå konfliktar og irritasjon
Hald deg unna blindsoner! Dette er eit eksempel på farleg ferdsel. (Ill. foto: Knut Opeide)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 22. mai 2015 06:18

Det er ikkje alltid like lett for bilistar og syklistar å dela vegen. Nokre gongar endar det i frustasjon, andre gongar oppstår det ulykker.

Sjekkar du blindsona kvar gong du skal svinga inn på ein veg?

– Dei mest alvorlege ulykkene skjer når bilisten overser syklisten, sjølv om det er fullt dagslys, seier Signe Gunn Myre, prosjektleiar for kampanjen vegvesenet no kjører.

Her er Statens vegvesen sine råd og tips til korleis syklistar og bilistar kan dela vegen på ein trygg og god måte:

1. Søk blikkontakt: Som syklist bør du søka blikkontakt med bilistane når du skal kryssa ein veg eller ei avkjørsle. Sjå og bli sett, og faren er over. Sleng gjerne på eit smil, det kan løysa opp eventuell frustrasjon og forebygga aggressiv kjøring hos bilistane.

2. Som bilist må du aldri slurva med blinklyset. Du kan ha ein syklist i dødvinkelen som trur at du skal rett fram. Som syklist må du rekka ut handa og vera tydeleg nå du skal svinga. Dette er særlig viktig når du skal kryssa kjørebanen og svinga til venstre. Du kan ha ein bil bak som er i ferd med å kjøra forbi.

3. Hald deg unna blindsoner. Som syklist må du aldri gli opp på høgre side av kassabiler og store bilar i vegkryss. Sjåføren har ikkje lett for å sjå deg. Hald deg alltid bak. Blindsona er ofte større enn du trur.

4. Bruk lys og refleks. Det er påbod om å bruka kvitt lys framme og rødt lys bak på sykkelen ved dårlig sikt og i mørke. Bruk gjerne lys og refleks også på dagtid.

5. Sjå deg over høgre skulder! Som bilist må du alltid sjå deg over høgre skulder, for å sjå etter syklistar, før du skal svinga til høgre, eller om du skal ut i ei rundkjøring. Det kan vera ein syklist på høgresida di mens du kanskje er mest opptatt av å sjå til venstre etter ei ledig luke.

6. Ikkje sykla meir enn to i breidda. Viss vegen er oversikteleg og det er lite trafikk kan de sykla to i breidda, det gjev kortare forbikjøringsstrekk for bilistane.

7. Slepp bilistane forbi! Ver merksam på bilar som ligg bak når du syklar på landeveg. Gje teikn og slepp forbi så snart det er ledig.

8. Kjør forbi med god margin. Som bilist må du, grunna dragsuget, rekna større margin når du kjører forbi syklistar enn bilar. Sett på blinklyset og legg deg helst heilt over i motsett kjørefelt når du kjører forbi.

- Syklistar og bilistar har lik rett på vegen, men dei har også dei same pliktene, nemleg å følgja trafikkreglane og ta omsyn til kvarandre, seier Myre.

vegvesen.no/delveien kan du lesa meir og sjå fleire videoar om emnet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.