Lokal | 09. feb. 2016

Unødvendig evakuering på Haugsneset?

I to omgangar har to hus på Haugsneset blitt evakuerte. - Det var ingen grunn til evakuering, seier prosjektleiar. Huseigar er ikkje heilt overbevist.

Unødvendig evakuering på Haugsneset?
To av husa over denne skråningen er i to omgangar evakuerte. (Foto: Cathrin Valestrand)
Cathrin Valestrandtirsdag 09. feb. 2016 17:42

Under uvêret «Tor» blei to hus bak Kiwi-tomta på Haugsneset evakuerte ei natt. Frå onsdag til fredag i førre veke måtte dei på hotell igjen.

- Det var ingen grunn til evakuering, seier prosjektleiar Sondre Romundset frå Leigland Bygg.

Jamleg kontakt med geolog

Leigland Bygg AS er byggherre for den nye Kiwi-butikken på Haugsneset, og har hatt kontakt med geolog heile vegen etter at dei byrja på prosjektet.

– Det stemmer at to av husa vart evakuerte først ei natt under «Tor» og deretter frå onsdag til fredag i forrige veke. Vår geolog meinte at det aldri har vore fare for at husa skulle rasa ut, men eg forstår at bebuarane vert urolege, seier Romundset.

Omfattande sikringsarbeid

Det har vore ein del rørsle i massande i bakkant av tomten. Midtsiden skreiv i november at ein lyktestolpe som stod på tomtegrensa frå Smiebakken rasa ned på tomten. I tillegg har det i samband med mykje nedbør kome ned jord og lausmassar. For ei tid tilbake rasa også delar av ein støttemur ut.

– Vi er ikkje ferdige med sikringsarbeidet. Vi har lagt ned ein del armeringsjern og støypt over, men då må vi ha passande vêr til det. Målet er å halde fuktigheit vekke i frå dei massane som kan vera i rørsle for å hindra at dei rasar ut.

Omprosjektering

– Prosessen skrid fram, men akkurat no held vi på med omprosjektering, så skal vi byrja å forskala bakveggen. Vi håper å koma i gang med forskalingsarbeidet mot slutten av veka.

– Det er roleg på byggjeplassen no fordi vi ventar på betre vêr og nye teikningar, avsluttar Romundset.

Betre å veta enn å tru

Midtsiden har snakka med ein av dei to aktuelle huseigarane.

– Vi er opptatt av at undersøkingar som blir gjort er grundige nok, at ikkje det som handlar om vår tryggleik er basert på at dei trur, dei må veta.

– Men vi er i dialog med både entreprenør og kommune og reknar med at dei tar nødvendige grep før arbeidet under husa våre held fram. Vi ønskjer ikkje å ta detaljar om diskusjonen i media.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.