Lokal | 23. apr. 2018

Urinerte oppetter rådhuset

Éin mann blei tatt for urinering på offentleg plass, ein annan fekk fartsbot på 8300 kroner.

Urinerte oppetter rådhuset
Ein mann blei tatt for urinering ved rådhuset natt til søndag. (Arkivfoto/ill. foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 23. apr. 2018 07:37

Laurdag på dagtid stoppa politiet ein mopedførar utan lappen, som dei mistenker å vera rusa, og ein bilførar utan lappen, som hadde falske skilt på bilen.

Natt til søndag tok dei ein mann for urinering på offentleg plass.

– Vedkomande, ein mann i 20-åra, urinerte oppetter rådhuset, opplyser politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.

• Les òg: Ber om tips etter tjuveri av bil

Fekk fartsbot på 8300 kroner

Søndag formiddag hadde politiet promillekontroll på Søfteland. Alle dei kontrollerte var edru.

Fredag kveld målte dei fart på Hatvikvegen.

– Her blei ein bilist i 40-åra målt i 73 km/t i 50-sonda, fortel politiet.

Med 21-25 km/t over fartsgrensa kvalifiserer du til forelegg på 8300 kroner og tre prikkar på førarkortet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.