Lokal | 31. okt. 2014

Uroa over næringslivsdød

Politikarane uroa over næringsliv som forsvinn. – Vi kan ikkje venta på Lyseparken, men må setta inn støtet no, seier Emil Tetlie Brimsholm (H).

Uroa over næringslivsdød
Emil Tetlie Brimsholm (H) vil setta inn støtet no for å få nytt næringsliv i Os (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrefredag 31. okt. 2014 10:28

Med Lyssand Treindustrier AS og Rolls Royce forsvinn store industriarbeidsplassar ut av bygda. Dette uroa politikarane då dei handsama tertialrapporten i kommunestyret tysdag.

– Vi har missa to store bedrifter. Samstundes fell Bjørnefjordregionen på næringslivsbarometeret til NHO.

– Effekten av Lyseparken vil vi tidlegst sjå om 10 år. Det har vi ikkje tid til å venta på.

– Vi må kartlegga ledige tomter og setta inn støtet no, kanskje allereie i budsjettet for neste år.

– Os er attraktive, utan eigedomsskatt og med kort veg både til Bergen og sørover mot Sunnhordland, påpeika Emil Tetlie Brimsholm (H).

Treng kompetansearbeidsplassar

Han fekk støtte frå frp-politikar og næringslivstopp Espen Aspenes.

– Vi bakkar akterut både på NHO sitt næringsbarometer og kommune-NM.

– Utfordringane er ikkje heilt enkle å løysa.

– Vi skårar dårlegst på den lokale arbeidsmarknaden og kompetansen i befolkninga. Difor er det kompetansearbeidsplassar vi må koma opp med for å få den arbeidsmarknaden vi ønskjer.

– Det er eit arbeid som tek tid, slo Aspenes fast, som samstundes signaliserte at dei ville koma tilbake til saken i samband med budsjettet for 2015.

– Men no har de styrt i 15 år. Først no seier de at vi må tenkje langsiktig. Kvifor har de ikkje sagt det før, undra Jon Sivert Rykkel (V), som kjapt fekk svar frå Aspenes.

– Det skjer mykje i arbeidslivet på 15 år.

Kva gjorde ordføraren?

Hilde Jensen (TvS), som sjølv har opplevd å måtte legga ned verksemda var like opptatt av å bevarar eksisterande arbeidsplasser, som å skapa nye.

– Det er viktig med etableringar, men viktigare å behalde dei vi har.

– Kva gjorde ordføraren i høve Lyssandfabrikken og Rolls Royce.

– Var ein i møte med styret, spurde ein om kommunen kunne bidra med noko for å behalde arbeidsplassane?

– Eg håper det, for det er ikkje tvil om at det er enklare for eit styre å leggje ned der ein ikkje møter motstand.

Tom verktykasse

Ordførar Terje Søviknes (Frp) svara at ja, det hadde vore kontakt mellom kommunen og bedriftane.

– Vi har vore i dialog med konserna, men det er ikkje enkelt.

– Dei er internasjonale konsern, kor beslutningane blir tatt langt unna Os og kor fokuset er å måla bunnlinja.

– For dei handlar det ikkje berre om eit positivt resultat, men at det skal vera positivt nok.

– Då står vi ribba for verkemiddel. Vi prøver å følgje opp, men verktykassa er ikkje veldig full.

Har vore uroa

Også rådmann Knut Terje Rekve har vore uroa over utviklinga i næringslivet.

– Eg tenkjer at kanskje det viktigaste no er å tilrettelegga for nytt næringsareal.

– Det må voksa rundt næringslivet, men eg ser ikkje korleis vi kan støtta det næringslivet vi har utover verbalt og med areal slik at det kan eksisterande verksemder kan utvida eller nye verksemder kan etablerast.

– Vi har kanskje nokre andre areal enn Lyseparken som vi kan prøva å tilretteleggja, påpeika rådmannen, som i budsjettet for 2015 har satt av nokre midler til dette.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.