Lokal | 18. apr. 2015

Uroa for vassforsyninga

Tre veker i juni vil kommunen stå utan Hovlandsvatnet som reservevasskjelde.

Uroa for vassforsyninga
Damanlegget ved Hovlandsvatnet må utbedrast. Det gjer at Os vil stå utan reservevasskjelde tre veker i juni (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrelørdag 18. apr. 2015 06:20

Os kommune har av NVE blitt pålagt å gjera utbedringar på damanlegget i Hovlandsvatnet, reservevasskilda til Os.

– Vi søkte om å få utsett denne utbedringa til vi blir kobla på Bergen sitt vatn i samband med nye vegen mellom Os og Bergen, men det fekk vi ikkje.

– Det betyr at vi ikkje har noko val. Vi må leva med risikoen som er knytt til det å ikkje ha ei reservevasskjelde dei tre vekene jobben er rekna å ta, fortalde teknisk sjef Marianne Kramer, då ho orienterte tenesteutvalet tidlegare denne veka.

Skal tappast ned

Utbedringane av damanlegget må takast frå innsida, noko som tyder på at Hovlandsvatnet vil bli tappa ned.

– Det vil bli laga ein fangdam, med ledningar som midlertidig løysing, men vi håper at vi ikkje får kluss med dei ordinære drikkevasskjeldene våre i denne perioden.

– Vi jobbar no med å laga ein beredskapsplan som gjer at vi har reservevatn for tre dagar om noko skulle skje.

– Heldigvis har vi no samarbeidet med Bergen Vann, som gjer at vi har mange folk som kan rykka ut om det skulle bli behov for det.

Søvik ikkje råka

Dei som får vatn frå Søvik reinseanlegg vil ikkje bli råka om uhellet er ute i den perioda rehabiliteringa av Hovlandsvatnet pågår.

– Det er dei som er knytt til hovudreinseanlegget som eventuelt vil bli råka, forklarte Kramer.

– Er det beredskap i høve sjukeheim, hotell og landbruksnæringa i den aktuelle perioden? undra Pål Moberg (Ap).

– Vi vil gå ut med informasjon i god tid før arbeidet tek til.

– Datoane har eg ikkje enno, men vi vil jo då oppmoda dei som er avhengig av vatn, til dømes til husdyr, om mogleg har ein eigen beredskap.

– Vi har nokre tanker tilgjengeleg, både i brannvesenet og på teknisk eining, svarte Kramer.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.