Utan frivillige stoppar Noreg
Det å væra frivillig har stor verdi, skriv Laila Reiertsen i dette lesarinnlegget.
Utan frivillige stoppar samfunnet, kommunen og landet opp. Eg er ikkje i tvil om det. Så mykje frivillighet som vert utført rundt om i kommunane er vanskeleg å begripa mengda av. Nett fordi det er så mykje. Talde timar er ein ting, men like viktig er all den medmenneskelegheita, kompetansen, meistringa og den sosiale tilhørigheita som skjer i ein god samhandling saman med andre. Verdiar som ikkje kan omsetjast i kroner og ører.
Difor er regjeringa oppteken av å gje støtte til dette arbeidet . I 2018 budsjettet aukar ein tilskotet til frivillige organisasjonar med 10 millionar kroner. 5 millionar skal brukast til auka satsing på kor og 5 millionar til amatørteater.
Det er og gledeleg at ein foreslår å bruka 5 millionar kroner til frivillige organisasjonar som har tiltak for at eldre skal få nokon å ete måltider saman med. Vi veit at vi har for mange eldre som er einsame, og ikkje minst sliter med god ernæring. Og det at også frivillige kan yte å gje gode sosiale rammer for måltider er særs viktig i ei god eldreomsorg.
For 2018 vil 24,5 millionar kroner frå herrelaus arv gå til frivillig aktivitet for barn og unge. Pengane skal kanaliserast gjennom Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjonar (LNU). Dei fordeler så pengane til nasjonale og regionale organisasjonar med frivillig verksemd for barn og unge.
Momskompensasjon til frivillige organisasjonar er viktig. Ordninga vert auka med 28.6 millionar- til 1,35 milliardar kroner. Dette er ei særs viktig ordning for å fremja frivillig aktivitet. 23 tusen organisasjonar fekk kompensasjon i 2016.
Ved bygging av idrettsanlegg vert det gitt 185 millionar kroner til merverdiavgiftskompensasjon. Beløpet er 14 millionar kroner høgare enn det som vart bevilga i 2017. Dette ser ein gode resultat av i vår eigen kommune. Der idrettsanlegg vert bygd ut i stort monn. Noko som igjen fører til store verdiar knytt til førebygging for barn og unge.
Laila Reiertsen
Os FrP
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.