Lokal | 24. juli 2014

Utan lappen - utan skilt

Ein ung mopedførar blei tatt av politiet onsdag kveld.

Utan lappen - utan skilt
Politiet stoppa ein gut utan førarkort på ein moped utan skilt ved Amfisenteret onsdag kveld. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 24. juli 2014 07:16

Onsdag i 23.30-tida kom politiet over ein uregistrert moped ved Amfisenteret.

Mopeden blei kjørt av ein gut som er gamal nok, men som ikkje hadde førarkort.

– Guten blei kjørt heim og avhøyr blei tatt på staden. Han er meldt for kjøring utan førarkort og kjøring med uregistrert kjøretøy.

Hund i bil

Tidlegare onsdag, i 16.30-tda, fekk politiet melding om hund innelåst i bil, der meldar var uroa for om det var for varmt i bilen.

Patruljen var på staden, der bilen sto parkert i skyggen og alle vindauga var på gløtt. Dei var ikkje i kontakt med eigar, men vurderte det som god nok lufting for hunden.

Støy i nabolag

Litt over midnatt fekk politiet klage om støy frå eit nabolag nær Os sentrum.

Dei som spelte høg musikk fekk pålegg om å dempa seg og etterkom dette.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.