Sport | 04. aug. 2017

Utan påfyll i ferien

Os, som har mista to unge spelarar i sommar, har heimekamp når serien startar igjen i morgon.

Utan påfyll i ferien
Os-trenarane Ørjan Håland og Hassan El Fakiri, her under ein Os 2-kamp, vil no henta opp minst éin ung spelarar. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 04. aug. 2017 12:35

Os hadde fem kampar på rad utan tap før dei tapte dei to siste før ferien.

Laurdag (kl 14) tar dei imot Stord, som dei har slite med mange gongar før, men der dei i vår snudde 2-0 til 2-5-siger på bortebane.

– Dette er vel Ekeland sin siste kamp for Stord, så han vil vel prøva å avslutta med stil. Så får vi prøva å hindra at han får til noko, seier Os-trenar Hassan El Fakiri.

Roger Blokhus Ekeland (23) har skåra 13 mål for Stord i år, eitt av dei mot Os, seks minutt inn i førre kamp. Denne veka blei det klart at han går til Sandnes Ulf.

Os ligg på 8. plass på tabellen, Stord på 9. plass, før kampen i morgon.

Færøvik og Fosen vekk på skule

I juli debuterte Alexander Dale for Os. Den tidlegare Austevoll-kapteinen er den einaste Os har styrka stallen med i sommar.

– Vi har hatt dialog med nokre spelarar, men konkurransen er hard og vi har førebels ikkje signert fleire.

Samtidig er stallen blitt tynnare.

– Kasper Sandven Færøvik og Thomas Lunde Fosen har kome inn på NTNU i Trondheim, så dei mister vi dessverre, seier Hassan om 19-åringane, der keeper Færøvik i haust kunne ha kome tilbake frå langt skadeopphaldet.

Biko Brennan, som gjorde det bra dei kampane han spelte i vår, er òg ute.

– Vi hadde ein avtale at han, om det dukka opp noko anna spennande når han no var tilbake frå USA, skulle få gå til sommaren. Sånn eg har forstått det er han no i dialog med ein klubb i Midtausten.

Ole Martin Lekven Kolskogen er opptatt med U16-landslaget laurdag, og er ikkje med i troppen mot Stord.

Nye frå eigne rekker

Måndag var Os i trening igjen etter drygt to veker med ferie og eigentrening.

– Det var godt å sjå at alle var friske og skadefrie i ferien. Endre Brenne og Glenn Krossøy, som var skadd før ferien, er speleklare. Marius Mikkelsen er nok klar om ei veke og Preben Skorpen, som blei stygt skadd i vinter, byrjar å trena med ball i neste veke.

Også keeper Thomas Hille, som Os har lånt av Fana, men som har vore skadd sidan i vinter, er no speleklar.

– Hille er tilbake etter skaden. Når han blir brukt er uvisst.

Det er òg ei stund til Os 2 har seriestart, med tanke på å få testa formen i kamp.

Os vil òg rekruttera frå eigne rekker. Hassan vil ikkje ut med namn, men éin av juniorane kan bli tatt opp i A-stallen om kort tid, mens 7-8 andre vil rullera, to og to, om å vera del av gruppa.

Mens Os speler heime mot Stord har Lysekloster toppkamp borte mot Brattvåg.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.