Kultur | 28. jan. 2015

Utanomjordisk oppleving

Det mangla ikkje på engasjement og humor då ekteparet Sannes og Ødegaard delte litt kunnskapen sin.

Utanomjordisk oppleving
Anne Mette Sannes og Knut Jørgen Røed Ødegaard viser fram meteorittane dei hadde med seg, saman med den unge stjerneentusiasten Henrik Lønningdal. (Foto: KML)
Kari M. Lyssandonsdag 28. jan. 2015 13:41

Det var stort spenn i alder blant gjestane som hadde tatt turen til Oseana tysdag kveld, klare for ei utanomjordisk oppleving.

På scenen sto den kjente astronomen Knut Jørgen Røed Ødegaard og kona, sciencefictionforfattar Anne Mette Sannes, klare til å ta med seg osingane inn i si verd.

Dei fekk bli med på reiser ut i verdsrommet, til fjerne og nære galakser, til fødestua der ei ny stjerne blei født og dei fekk høyra mange historiar astroparet ha opplevd.

Blant anna den sommaren dei drog på meteorittjakt på Austlandet, som dei skildra som sin beste sommar.

– Tenk at i heile verda er det registrert fire meteorittar som har gått gjennom tak dei siste seks åra og tre av dei har landa på Austlandet. Det skal ikkje vera mogleg, men slik er det, fortel Ødegaard frå scenen.

Har kaffien klar

Med mykje humor og minst like mykje entusiasme fortel dei vidare om den første stjernereisa, som allereie er under planlegging.

– Dei som startar opp med planlegginga og finansieringa gjer det vel vitande om at dei ikkje får oppleva reisa. Den er planlagt skal skje om 100-200 år.

Astroparet skildrar stjernereisa som den mest spektakulære reisa i mennesket si historie.

Med stadig nyoppdaga planeter som går rundt si eiga stjerne aukar sjansen for at det blir oppdaga liv andre stadar enn på jorda, noko astroparet trur er mogleg.

– Skulle dei ta seg ein tur til vår planet så har vi kaffien klar vi, det er berre til å koma innom.

– Kjem gjerne igjen

Ein av dei kanskje mest interesserte i publikum var Henrik Lønningdal på ni år. Etter å ha venta tolmodig på at dei som ville skulle få kjenna på meteorittar, kjøpa bøker og filmar så fekk han astroparet heilt for seg sjølv.

– Det kjekkaste var å høyra om svarte hol og om meteorar, fortel den unge stjernekikkaren.

Mor kunne stadfesta at interessa er stor, han sluker alt av informasjon og har fått seg eigen stjernekikkert.

Astroparet var veldig nøgd med sitt første møte med Os og Oseana, sjølv om kanskje ikkje vêret akkurat var stjerneklart.

– Det har vore veldig koselig å vera her og så har de eit så fint kulturhus, som nok er det flottaste, mest moderne vi har vore i, fortel dei, og presiserer at ein nok kan telja på éi hand dei kulturhusa i Noreg dei ikkje har vore i.

– Vi kjem gjerne igjen!

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.