Kultur | 24. des. 2017

Utelivet i Os i romjula

Kveld for kveld: 13 band speler ulike stadar i Os i romjula.

Utelivet i Os i romjula
Gunslingers, Gina Aspenes, Kurt Røttingen og Biggen & Landstrykeren er blant dei du kan oppleva live i Os mellom jul og nyttår.
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 24. des. 2017 07:56

Har du mottatt mange ønskje om ei fredeleg jul, men har mistanke om at du, når du blir mett av stillesitjing og marsipan, vil ut og lufta deg litt?

Her har du ein oversikt over det noko av det som skjer i Os i romjula, men først; status på konsertane med førehandssal av billettar.

Osfest sitt vesle nyttårsaftan-arrangement i Nore Neset Aktivitetshus laurdag 30. desember:

– Vi ligg veldig godt an med billettsalet, og passerte 200 ganske tidleg. Men vi treng nokre fleire frivillige til å hjelpa med vakthald og servering. I utgangspunktet opnar ikkje påmeldinga for frivillige til Osfest 2018 før i januar, men dei som jobbar under vesle nyttårsaftan-arrangementet får òg dagspass til Osfest 2018, seier Tor Egil Hylland.

Romjulsblues på Peppes og Bar(t) fredag 29. desember:

– Vi sel 250 billettar. Fredag på dagtid var det berre 5 billettar igjen på Peppes og rundt 30 billettar på nett. Det ligg med andre ord an til å bli utselt i år òg, seier Steinar Lyssand.

Hanne’s Musikkbar fredag 29. desember og måndag 25. desember:

– Vi sel 80 billettar per kveld. Til konserten med KIVI fredag 29/12 er vi nesten utselt. Salet er òg godt i gang på Biggen og Landstrykeren første juledag, seier Bjørn «Bosse» Sigurjonsson.

Utelivet i romjula - dag for dag

Måndag 25. desember (1. juledag)
• Konsert med Birger «Biggen» Holmefjord & Nils «Landstrykeren» Sylta. Pop og rock frå 60- og 70-talet, blant anna Rolling Stones.
• Juleball på Catten frå klokka 23.00
• DJ Ni9 speler på Empire.
• Dans i ungdomshuset på Øyane, livemusikk ved Undercover (Olav Skorpen, Eirik Søfteland og Jens Aasmundseth)

Tysdag 26. desember
• Boxing Day: Fotballkamper på storskjerm på Hanne’s Musikkbar
• Boxing Day: Fotballkamper på storskjerm på Catten

Onsdag 27. desember
• Quiz på Catten frå kl 20. 18 år.

Torsdag 28. desember:
• Minifestival på Catten, tre band på programmet: Frode Holmefjord, Camp David og Rytterne Röy (Sverige).

Fredag 29. desember
• Bordtennis og beerpong på Catten
• KIVI (Gunnar Engevik, Øystein Engevik og Reidar Bakke) på Hanne’s Musikkbar.
• Konsert med Glimmerskifer på Empire.
• Romjulsblues for sjette år på rad, av Steinar Lyssand og Dag Bergesen, på Peppes og Bar(t), i år med tre band; Den akustiske duoen Larsen og Skråmestø, 3 For the show (Dag Bergesen, Bjørn Moe og Steinar Lyssand) og Gina Aspenes and the Chipmonkey’s.

Laurdag 30. desember:
• Pianobar på Catten.
• «Lille nyttårsaften». Konsert i regi av Osfest i Nore Neset Aktivitetshus. Tre band på plakaten: Kurt Røttingen Band, Ferdamann og Gunslingers.

Søndag 31. desember (nyttårsftan):
• Nyttårsfest på Catten.
• Nyttårsfest på Hanne's.

Måndag 1. januar:
• Stort, felles fyrverkeri i Os hamn. OBS! Startar klokka 18.00.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.