Kultur | 11. aug. 2017

Utelivsbransjen førebudd på festivalhelg

VIDEO: Peppes, Bar(t), Engeline, Catten, Empire, Hanne's og Havnechefen har tru på ei livleg helg under Osfest.

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 11. aug. 2017 14:29

(Foto og klipp: Ørjan Håland, midtsiden.no)

Restaurantane fortel om mange bordbestillingar, utelivsplassane førebur seg på stort inntog etter at festivalområdet er stengt - og kanskje litt før.

– Vi har laga vårt eige opplegg her på musikkbaren, med jazz frå klokka 17 og blues frå klokka 22, fortel Bjørn «Bosse» Sigurjonsson hos Hanne's Konditori og Musikkbar.

Han fortel om stor interesse og mange som har ringt for å booka plass.

– «Møt opp, så veit eg at du er interessert» svarer eg då. Vi har begrensa med plass, men sel berre billettar i døra.

DJ og telt på Engeline

Hos Engeline vil dei ikkje konkurrera med livemarknaden, men har førebudd seg på ekstra mange folk i sentrum denne helga.

Puben køyrer DJ og har rigga telt for å auka kapasiteten.

Utvida opning på Catten og Empire

Den nye utestaden Empire, som opna førre helg, skal i utgangspunktet berre vera open om laurdagane, og ha fredag som dag for lukka lag.

– Denne helga har vi ope både fredag og laurdag, men ikkje før klokka 22 om kvelden, som vanleg, seier Bjarte Andersen.

På nattklubben Catten har han normalt hatt telt og uteservering. Grunna kulde og dårlege vêrmeldingar køyrer han alt under tak, men held på dette med tidleg opning, og opnar dørene klokka 18.

Innandørs blir det DJ fredag og både DJ og pianobar laurdag.

– Osfest-helga er normalt folksam, med rundt 80 prosent belegg fredag og fullt hus og kø laurdag.

Første år med langope på Bar(t)

Både hos Havnechefen og Peppes fortel dei om mange bordbestillingar. Havnechefen vil prøva å trassa vêret fredag, og opna takterrassen, Peppes fortel om mange bookingar av firma og større grupper frå klokka 17.

– I år blir dessutan første år med ope til 2 på Bar(t). Vi er spente på om folk går frå festivalområdet og ut her, eller om dei ramlar innom utestadane i sentrumskjerna, seier Anita Fotland.

Osfest startar klokka 18.00 fredag og 17.30 laurdag. Begge kveldar går siste band på scenen ved midnatt.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.