Traileren var nær på å kollidera med ein lyktestolpe då den hamna i grøfta ved Rolls Royce i kveld. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Utfor på sommardekk

Politiet tok førarkortet og delte ut kjøreforbod til den polske sjåføren.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy Mandag, januar 23, 2012 - 21:28

Måndag kveld hamna ein polsk trailer utfor vegen ved Rolls Royce på Ulven.

Medan Midtsiden var på staden klarte sjåføren, ved hjelp av nokre lass med grus under dekka, å koma seg opp igjen frå grøfta.

Men han får ikkje kjøra vidare.

– Vi blei tipsa om utforkjøringa og oppdaga at bilen har sommardekk på, seier politibetjent Kenneth Rastad.

Sjåføren var ikkje einig i vurderinga til politiet, som melder forholdet, gav føraren kjøreforbod og tok beslag i førarkortet hans.

– Han hadde store problem med å manøvrera seg rundt på parkeringsplassen der oppe, vi vil ikkje sleppa han på vegen igjen, seier Rastad.

Føraren kan truleg venta seg forelegg og pålegg om å skifta dekk før han får kjøra vidare.

Tips midtsiden.no

Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11

Traileren er no laus, men sjåføren har fått kjøreforbod. (Foto: KVB)

Traileren er no laus, men sjåføren har fått kjøreforbod. (Foto: KVB)

Relaterte saker: