Lokal | 23. sep. 2016

Utfor vegen på Haugland

Ein person skadd då bilen han sat i køyrde utfor E39 på Haugland. Var medveten, men blei frakta vekk i Luftambulansen.

Utfor vegen på Haugland
Bilen har store skader, også på taket, etter utforkøyringa. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Andris Hamrefredag 23. sep. 2016 14:13

Bildeserie:

(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
1 av 7
(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Klokka 15.59 meldte 110-sentralen at det hadde vore ei trafikkulykke på Halhjemsvegen og at naudetatane var på veg.

Politiet sin operasjonssentral opplyser på Twitter at det er ein bil med ein person som har køyrd utfor vegen ved Haugland.

– Person bevisst med smertar i bryst/mage, heiter det i meldinga frå politiet.

Naudetatene kom raskt til staden.

Ulykka skal ha skjedd rett nord for Halhjem ferjekai.

Blei henta av Luftambulansen

Det skal ha vore ein mann i bilen som no har blitt teke hand om av helsepersonell og lagt på båre. Luftambulansen kom til staden.

Bilen han køyrde har fått knust tak og frontrute.

Klokka 16.30 letta luftambulansen frå staden med føraren ombord. Samstundes blei trafikken opna i éin retning. Politi og brannvesen dirigerte først dei som sto i kø sørover forbi ulykkesstaden.

– Mann i 40-åra henta i luftambulansen og flydd til HUS. Manuell dirigering på staden. Taubil på veg. Mogleg sovna bak rattet, meldte politiet på twitter klokka 16.34.

Trafikken på sidevegane mellom Lunde og Haugland gjekk framleis seint.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.