Lokal | 12. nov. 2017

Utforkøyring og slåstkamp

Ein bil hamna utfor i Langedalen i natt, to menn barka saman i sentrum på morgonkvisten søndag.

Utforkøyring og slåstkamp
Politi i Langedalen. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 12. nov. 2017 08:12

Klokka 04.25 natt til søndag fekk politiet melding om utforkøyring i Langedalen.

– Ingen blei skadd og bilførar er ikkje mistenkt for å ha gjort noko gale etter utforkøyringa, seier Terje Magnussen, operasjonsleiar i Vest politidistrikt.

– Det var svært glatt på staden då bilen hamna i grøfta. NAF var raskt på plass og henta bilen, legg han til.

Stoppa slåstkamp på Essoen

Mesteparten av natta var roleg for politiet, men på morgonkvisten, klokka 06.20, har dei meldt inn ein liten episode.

– To menn dreiv og knuffa, men patruljen fekk kontroll på situasjonen før den blei verre.

Dei involverte, den eine i starten på 20-åra og den andre i starten på 30-åra, fekk pålegg om å fjerna seg frå sentrum.

– Ingen blei meldt på staden, men det kan koma anmeldelse på dette i etterkant.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.