Optiker Hans Bjørn Bakketeig frå Os er utnemnd til Ridder av første klasse av Den Kongelege Norske Fortenesteorden (foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Utnemnd til riddar

Hans Bjørn Bakketeig er utnemnd til riddar av første klasse av Den Kongelege Norske Fortenesteorden.

Av: Andris Hamre

Hans Majestet Kong Harald V har i dag utnemnd optiker Hans Bjørn Bakketeig til «Riddar av første klasse av Den Kongelege Norske Fortenesteorden» for hans arbeid for syneshemma i Moldova.

– Det er stor stas og ei stor ære å få utmerkinga. Eg hadde inga aning om at det var på gang. Då eg fekk vita det på fredag blei eg heilt satt ut, fortel Hans Bjørn på telefon frå Tanzania.

– Mange å dela med

Hans Bjørn er audmjuk over utnemninga.

– Det er ikkje berre eg som får den. Det er mange eg vil dela en med. Dei andre i Hjelp Moldova sjølvsagt, men ikkje minst familien min som har latt meg få helde på med dette i vel 20 år.

Den Kongelege Norske Fortenesteorden er ein orden som blei innstifta av Kong Olav V i 1985. Ordenen tildeles utvalde norske og utanlandske statsborgarar for særleg fortenestefullt virke for norske interesser.

I 2013 blei Gregory Smith tildelt den same æra for sitt arbeid gjennom CARF for gatebarna i São Paulo, Brasil.

Film og pengenød

I september kom filmen «Mirakelet i Moldova» som følgjer Hans Bjørn Bakketeig og hans arbeid for synshemma i Moldova. Filmen hadde premiere på BIFF og kjem på bygdekinoen i Oseana litt seinare i haust.

Samstundes blei det kjend at organisasjonen er i akutt pengemangel etter at Utenriksdepartementet har snørt igjen pengesekken, noko som gjer at Hans Bjørn og resten av organisasjonen risikerer å ikkje få fullført prosjektet med å få til ei optikerutdanning på universitetet i Chișinău.

Hjelp Moldova har berre støtte i eitt år til frå departementet, men treng støtte i tre år for å koma i mål.