Kultur | 28. okt. 2014

– Utruleg bra og dagsaktuell

Tommy og Arild Sælen på førpremiere på «Her er Harold». – Det gav gåsehud å sjå scenene frå butikken vår på Søfteland, seier Arild Sælen.

– Utruleg bra og dagsaktuell
Møblehandlarane Tommy og Arild Sælen, saman med "kopiane" frå familien Lunde - Bjørn Sundquist, Grethe Selius og Vidar Magnussen (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretirsdag 28. okt. 2014 10:18

Fredag 31. oktober har «Her er Harold» premiere på norske kinoar. Allereie laurdag er filmen satt opp på bygdekinoen i Oseana i samband med den store kinodagen. Sist laurdag hadde filmen førpremiere i Bergen med crew, skodespelarar og to brør frå Søfteland i salen.

– Det er klart det var sats å møta crewet og skodespelarane igjen.

- Vi fekk god kontakt dei dagane dei var oppe hjå oss på Søfteland og skaut scenene i butikken vår, så det blei ein triveleg kveld, fortel Arild Sælen hjå Sælen Møbler.

Skremmande aktuell

«Her er Harold», basert på ei av historiene i Frode Grytten si bok «Saganatt», handlar om møbelhandlar Harold Lunde som går konkurs etter at Ikea opnar på nabotomta.

– Det er skremmande å tenkje på at etter at dei var hjå oss, så har Living gått konkurs.

– Filmen er skremmande dagsaktuell. Dei store kjedene gjer det vanskeleg for små, frittståande butikker å overleva. Ja sjølv større kjeder, som Living, slit.

– Eg følde då eg såg filmen at dei har tatt problemstillinga på kornet, seier Sælen.

Tragikomisk, svart humor

Filmen blir i førehandsomtala beskriven som ein morosam og fandenivolsk roadmovie.

– Trass alvoret og dagsaktualiteten, så var den vanvittig morosam.

– Eg gler meg stort til å sjå den igjen på laurdag.

Fekk gåsehud

Sælen fortel at han sakna nokre av scenen som blei filma på Søfteland.

– Mellomanna den kor Bjørn Sundquist står på verkstaden og lagar signaturstolen sin.

– Men eg skjøner at dei må få eit driv som funkar og ikkje har fått plass til alt.

– Det er klart at dei scenene som er frå butikken, mellomanna når den er tom og blir satt fyr på, gav meg gåsehud. Spesielt med tanke på kor tøff møbel og interiørbransjen er.

– I tillegg kjenner eg meg igjen i korleis Harold tenkjer omkring det å driva møbelbutikk. Akkurat som for Harold så er kvalitet, ikkje pris, det viktigaste, avsluttar Arild Sælen.

Dette er «Her er Harold»

En morsom og fandenivoldsk roadmovie med Bjørn Sundquist som den fallerte møbelhandleren Harold Lunde - som bestemmer seg for å kjøre til Älmhult i Sverige for å kidnappe IKEA-gründer Ingvar Kamprad.

Harold har sammen med sin kone Marny drevet Lunde Møbler med suksess i over førti år. Men så åpner IKEA et nytt gigantiske kjøpesenter, og det vegg i vegg med den lille møbelbutikken. Harold og Marny går konkurs og mister både butikk og hjem. I stigende fortvilelse og sinne bestemmer Harold seg for å ta hevn. Han skal kidnappe sin nemisis - IKEA-gründer Ingvar Kamprad. Harold setter seg i sin gamle Saab og kjører mot Sverige.

Den første han møter der er Ebba, en ensom , 16 år gammel jente som har rømt hjemmefra. Hun synes at kidnappingen er en strålende ide, og nærmest ved en tilfeldighet klarer det odde paret å bortføre Ingvar Kamprad. Desverre er Kamprad ganske så fornøyd med å bli kidnappet, og ser det hele som en mulighet til å promotere seg selv og IKEA….

Manuset er basert på en av historiene i Frode Gryttens bok "Saganatt". Gunnar Vikene som står bak filmer som "Himmelfall", "Trigger" og "Vegas" har både skrevet manus og har regien på "Her er Harold".

Regi: Gunnar Vikene
Skuespillere: Bjørn Sundquist, Fanny Ketter, Björn Granath, Vidar Magnussen, Ellen Birgitte Winther, Grethe Selius
Sjanger: Komedie
Kinopremiere: 31.10.2014
Manus: Gunnar Vikene
Produksjonsår: 2014
Lengde: 1 t. 27 min.
Aldersgrense: 7 år
Begrunnelse: En dramatisk skildring av brann og enkelte truende situasjoner gjør at denne filmen får 7-årsgrense.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.