Sport | 18. apr. 2018

– Utruleg at vi ikkje skårer meir

Lysekloster måtte til straffekonk mot Arna-Bjørnar for å ta seg vidare i NM.

– Utruleg at vi ikkje skårer meir
Ruben Hetlevik. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 18. apr. 2018 20:13

1. NM-runde: Sandviken - Lysekloster 3-4
(1-0 til pause, 1-1 etter ordinær tid og ekstraomgangar, 0-3 på straffekonk)

Lysekloster (3. div.) hamna under til pause borte mot Arna-Bjørnar (4. div) i dagens NM-runde.

Utlikninga kom i 76. minutt på frispark av Kristoffer Østervold. Kampen gjekk til ekstraomgangar, begge utan skåring.

– Det er heilt utrulegat vi ikkje skårer meir, vi avslutta 5-6 meter frå mål sikkert 8-9 gongar, men alt gjekk anten på keeper eller utanfor, fortviler Lysekloster-trenar Ruben Hetlevik.

Fekk klar beskjed i pausen

Lysekloster hadde ballen mykje, og spelte på Arna-Bjørnar sin banehalvdel utan å produsera dei heilt store sjansane før pause.

– Når Arna-Bjørnar bestemmer seg for å parkera bussen i forsvar frå start er det lett for å senda ballen tilbake, men det blir ikkje sjansar eller mål av den grunn. Dei fekk beskjed om å redusera mengda støttepasningar kraftig, og heller konsentrera seg om å få ballen eit ledd fram, anten ved å dribla eller å senda pasning.

– I andreomgang blei det fart i sakene, og vi skapte enormt med sjansar, dessverre nesten utan utteljing.

I straffespark-konkurransen missa Arna-Bjørnar på alle sine tre første, mens Lysekloster skåra på alle sine.

– Straffekonk er bingo, men Arna-Bjørnar såg slitne ut, og det kan ha påverka kvaliteten på straffesparka. Eg var letta då den tredje straffen sat i nota og vi endeleg var vidare.

Brann kan få venta

No håper Ruben på overkomeleg motstand i neste runde.

– Det er for tidleg å ønskja seg lag frå Eliterserien, vi ønskjer å koma eit stykke og speler gjerne mot nokre andre først.

Andre lokale NM-resultat:
Sandviken - Brann 1-6
Sotra - Vard Haugesund 6-4
Tertnes - Fyllingsdalen 0-1
Os - Åsane 1-6
Øystese - Sogndal 1-4
Fana - Nest-Sotra 0-1

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.