
(Ill. foto: KVB)
Utrykning til matlaging
Fredag klokka 22.13 gjekk alarmen hos Os Brannvesen.
– Vi blei varsla av Nokas, som meldte om ein utløyst alarm i Stølsvegen, fortel Terje Håvardstun frå Os brannvesen.
Vel framme på adressa viste det seg at røyk frå matlaging var årsaka til alarmen. Det var ikkje noko for brannvesenet å sløkka.
– Når alarmselskapa blir varsla så ringer dei huseigar. Dersom dei ikkje får tak i huseigar, eller huseigar stadfestar at det er brann, varslar alarmselskapet 110-sentralen og vi rykker ut, forklarar Håvardstun.
I kveld var ikkje huseigar å få tak i og dei som var heime og lagde mat kjente ikkje til rutinane, så dei fekk ikkje avkrefta at det var brann.
Kommentarer
Tips midtsiden.no
Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11
© 2012 midtsiden.no