UTSELD!! Kollaps i kulissene

Riksteatret med engelsk suksess-farse!

Når alt som kan gå gale, går endå verre!  Hege Schøyen og Ingar Helge Gimle står i spissen for eit topplag av norske komedieskodespelarar når Riksteatret presenterar denne hysterisk morosame farsen.  
Kva skjer når eit overentusiastisk amatørteaterlag skal sette opp si fyrste store framsyning, eit mordmysterium i ekte Agatha Christie-stil? Meir enn nokon kan fatte! Ja, dersom du trudde at du visste kor mykje som kan gå gale på eit teater, må du no tru om igjen! 
«Jeg har sjelden, om noensinne, hørt høyere eller mer sammenhengende latterkuler i et teater», skreiv pressa etter premieren. Kollaps i kulissene er blitt omtala som ei krysning av Hotell i særklasse og Mr. Bean – ei frydefull latterbombe som appellerar til publikum i alle aldrar. 
PS: Hjælp! Har nokon sett ein Golden retriever?? 
 
Publikum ler så dei hyler og kritikarane jublar for The Play That Goes Wrong. Teaterstykket går på tredje året i London og er blitt kåra til «Årets beste komedie 2015». Med tittelen Kollaps i kulissene presenterar Riksteatret og Chat Noir no suksessen i Noreg, og løyene er i dei beste hender hos publikumsyndlingar som Hege Schøyen, Ingar Helge Gimle, Bartek Kaminski og Jan Martin Johnsen. Knut Nærum har oversett stykket og Kim Haugen har regi.  
★★★★★ "Årets beste komedie 2015" Olivier Award  
"Veldig, veldig morsomt" The Guardian  
"Smittende galskap" Daily Express  
"Jeg trodde jeg skulle hyperventilere av latter" The Daily Mail  
"Et mesterverk av alt som kan gå galt" The Times 
"En superunderholdende hit" The New York Times 
 
VG - terningkast 5
NRK - terningkast 5
Aftenposten - terningkast 5
Dagbladet - terningkast 5
 
 
På scena: 
Hege Schøyen, Ingar Helge Gimle, Jan Martin Johnsen, Bartek Kaminski, Camilla Frey, Espen Sandvik, Jan Huse og Daniel Karlsson.  
Team: 
Av Henry Lewis, Henry Shields og Jonathan Sayer, i en norsk versjon av Knut Nærum.  
Regissør: Kim Haugen
Scenograf og kostymedesigner: Tore Sæther
Lysdesigner: Kai Roger Havn
Dramaturg: Tine Thomassen
Forestillingslengde: 2 timer og 20minutt (inkludert pause) 
Teaterforlaget Nordiska ApS København. Ein Riksteaterproduksjon i samarbeid med Thalia Teater. 

Følg også gjerne vårt Facebook- arrangement!
 
MIDDAG FØR FORESTILLING? 
Kvifor ikkje kombinere ditt kulturarrangement med ein middag før forestilling? Denne kvelden serverer Oseana kafé og restaurant ein lekker buffet med varme og kalde rettar, dessert og kaffi, til kr. 400,-  Ring 53 69 51 40 for bordbestilling idag! 

Fredag, mars 31, 2017 - 19:00