Lokal | 20. feb. 2015

Utsett arbeid på Ulven grunna ras på Fanafjellet

Måndag og tysdag skulle Forsvarsbygg stenga Ulvenvegen og Lyseklostervegen. Men vegvesenet har trekt løyvet.

Utsett arbeid på Ulven grunna ras på Fanafjellet
Ulven og Lyseklostervegen blir likevel open måndag og tysdag kveld. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 20. feb. 2015 14:23

Frå klokka 20 måndag kveld til klokka 6 tysdag morgon, og tilsvarande klokkeslett frå tysdak kveld til onsdag morgon, skulle Forsvarsbygg ha stengt fv 160 Ulvenvegen og fv 161 Lyseklostervegen.

Årsaka er at dei vil fjerna ein jordhaug som kan innehalda ammunisjonsrestar.

Men i går blei Fanafjellet stengt grunna ras, og blir stengt ut neste veke, noko som har ført til at vegvesenet har trekt løyvet sitt for stenging ved Ulven leir.

– Arbeidet skal gjennomførast, men er utsett på ubestemt tid.

– No må vi finna ei ny tid som passar både vegvesenet, entreprenøren og Ulven leir, seier senioringeniør Svein Solli i Forsvarsbygg til Midtsiden.

Flaskehals med propp i

Torsdag kveld fekk Midtsiden melding frå ein lysefjording som uroa seg for infrastrukturen mellom krinsen sin og omverda.

– Det var ei utforkjøring i Langedalen torsdag, og denne førte til at vegen blei stengt. Kva om dette hadde skjedd på måndag eller tysdag? spør vedkomande.

Solli hos Forsvarsbygg fortel at utrykningskjøretøy i utgangspunktet skal kunna passera uhindra når det blir graving og stenging på Ulven. Også buss i rute skal få passera.

Men dette blir uansett ikkje aktuelt så lenge Fanafjellet er stengt. Flaskehalsen Langedalen er med andre ord ikkje einaste opne veg mellom Lysefjorden og Os eller Bergen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.